nyhende

Dette er draumeveret for mange når påska står for døra. Men det er ikkje sikkert det er så lett å finne. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Dette er draumeveret for mange når påska står for døra. Men det er ikkje sikkert det er så lett å finne.

Du kjem neppe til å bruke mykje tid i solveggen i påska

Det flotte påskevêret ser ut til å la vente på seg, og kanskje kjem det ikkje i det heile. Trøysta får vere at det blir godt skiføre fleire stader.

Publisert Sist oppdatert

Påska er like rundt hjørnet, og fleire startar påskeferien allereie til helga.

NTB ber statsmeteorolog Eldbjørg Moxnes peike oss i rett retning for å finne det etterlengta påskevêret. Det er inga enkel oppgåve for statsmeteorologen.

Det er rett nok periodar med sol her og der, av og til, men ein bør ikkje skru opp forventningane om draumevêret. I alle fall ikkje for første del av påska, seier ho.

Palmehelga ser ut til å bli best på Austlandet, før det er nord som overtek neste veke.

Er det sol du er ute etter?

– Det er eit lågtrykk som kjem til å surre rundt oss gjennom helga. Det blir nok ganske fint på Austlandet i palmehelga, men så blir det sannsynlegvis meir ruskete neste veke, seier Moxnes.

Ho fortel at vêrsituasjonen den første helga vil vere slik ho har vore dei siste dagane: snøbyer i Møre og Romsdal, Trøndelag, og litt snø i Nord-Noreg.

– Austanfjells ligg meir i le, så der kan det bli periodar med sol og opphald. Så er det sol ein er ute etter, er det Austlandet som er staden i helga. Men er ein ute etter nysnø, er det andre stader som er betre, seier Moxnes til NTB.

Godt skiføre

Dersom det er det gode skiføret ein ser etter, kan fagsjef Tore Veisetaune i Fjelltjenesten i Statskog fortelje at store snøfall i mange fjellområde nord og sør i landet sikrar brukbare forhold for skiturar.

Til Nationen seier Veisetaune at kuldeperiodar i mange fjellstrøk den siste tida òg gir bra skiføre og fine moglegheiter til isfiske i mange høgareliggjande område til over påske.

Utmarkskonsulent Sjur Åsgård, som dekkjer delar av Trøndelag, Innlandet og Romsdal, seier dei har eit hardt lag med skaresnø og nysnø på toppen.

– Vêrmeldinga tilseier at vi beheld nysnølaget oppå skaren og godt føre gjennom påska. Isen på vatna er mellom 40 og 60 centimeter tjukk og dermed trygg, seier Åsgård.

Han minner om at ein likevel bør vere varsam ved inn- og utløp i vassdraga.

Mildt og grått

Sjølv for meteorologar er det ikkje godt å seie kva slags vêr vi får utover neste veke – men det er lite som tyder på dei store endringane.

Moxnes kan sjå at det ikkje blir så ille i nord. Her blir det periodar med sol, medan det blir mildt og ein del gråvêr i sør.

– Men det er pause i lågtrykka, så det er moglegheit for å få sett sola i sør òg. Men det blir meir skiftande, seier Moxnes.

Denne perioden er det nordlege delar av landet som får det beste vêret. Skal vi tru meteorologen, blir det lengre periodar med sol i løpet av veka. Temperaturane blir beskrivne som vinterlege.

Veldig sterke UV-strålar

Fordi påska kjem så seint i år, står sola høgare på himmelen, og solstrålane er sterkare. Faktum er at vinterbleik hud blir lett solbrent, anten ein er på fjellet, i byen eller i sin eigen hage.

Og det er ikkje bra for huda.

– I område i Sør-Noreg med snø kan UV-strålinga denne påska komme opp mot det nivået vi normalt har midt på sommaren, seier fagdirektør Lill Tove Nilsen i Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA).

I Midt-Noreg og Nord-Noreg vil UV-strålinga bli så høg at det er nødvendig å verne huda, spesielt der det er snø.

– Ved overskya eller disig vêr er det lett å tenkje at sola ikkje er like sterk. Men UV-strålinga blir ikkje dempa like mykje som lyset, og du kan bli både solbrent og snøblind om du droppar solkrem eller solbriller, seier Nilsen.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS