nyhende
Du har rett til permisjon når barnet ditt er sjukt
Det er høgsesong for sjukdom både for små og store. Arbeidsmiljølova gjev deg som arbeidstakar rett til permisjon når eit barn du har omsorg for er sjukt.
Retten gjeld uansett om du arbeider heiltid eller deltid, og uansett om du har fast jobb eller er mellombels tilsett, opplyser Arbeidstilsynet i ei pressemelding. Retten til å få betalt medan du tek vare på det sjuke barnet, er i all hovudsak regulert i folketrygdlova.
Nokre arbeidsgjevarar krev at du søkjer om permisjon. Arbeidsgjevaren din kan ikkje avslå denne søknaden, så lenge grunnen til permisjonen er forankra i arbeidsmiljølova. I slike tilfelle fungerer ein permisjonssøknad som ei melding eller ei orientering til arbeidsgjevaren, heller enn ein faktisk søknad, skriv Arbeidstilsynet.
Dette er reglane:
- Alle arbeidstakarar har rett på permisjon i samband med sjukdom hos barn.
- Kor mange permisjonsdagar du har rett på i eit kalenderår, kjem an på samlivssituasjonen din og kor mange barn du har.
- Du har rett på meir permisjon ved kronisk eller langvarig sjukdom.
- Du kan ha rett på permisjon dersom barnet er, eller har vore, innlagt på helseinstitusjon.
- Dersom du tek imot pleiepengar frå Nav, har du automatisk rett på permisjon frå jobb.