nyhende
Drosjesjåfør dømt for seksuelt overgrep
Ein drosjesjåfør frå Haugesund er i Sunnhordland tingrett dømt til fengsel i tre år og seks månadar for å ha forsøkt å skaffa seg seksuell omgang ved vald og truande åtferd mot to kvinnelege passasjerar.
Familiefaren i 30-åra er dømt for å ha forsøkt å valdta ei kvinne i Haugesund i oktober 2019. Og for seksuelt krenkande oppførsel ovanfor ei anna kvinne i april same året. Sistnemnde drosjetur var bestilt til Sveio, men drosjesjåføren svinga av og køyrde av på ein mørk sideveg sør for kommunegrensa.
Dommen inneber i tillegg til fengsel, inndraging av førarkortet i fire år, i tillegg er han frådømt retten til å føra motorvogn ved persontransport mot vederlag for alltid. Ei av dei fornærma kvinnene er tilkjent 130.000 kroner i oppreisingserstatning.