nyhende
– Dropp dyre julegåver og lag dei sjølv
Mange vurderer å droppe julegåvene i år på grunn av dårleg økonomi. Men er du glad i å gi bort gåver, går det an å gjere det både billeg og enkelt ved rett og slett å lage gåvene sjølv.
Forfattar og designar, Ingvild Grane elskar både å gi og få gåver og vil ikkje at stram økonomi skal setje ein stoppar for julegåvene.
– Det er nesten flaut å seie det, men eg byrjar å glede meg til julegåvene allereie om sommaren og legg så planar for kva eg skal gi bort til jul. Eg er veldig opptatt av handarbeid og det å skape noko sjølv, og er alltid på jakt etter nye gåveidear, seier Ingvild Grane, som er aktuell med boka «100 handlaga gåver».
Gåver med personleg preg
Også Grane merkar at ho har fått mindre å rutte med i tider med høge renter og dyrare mat.
– Derfor legg eg opp til at ein kan bruke av det ein allereie har i huset. Eg er også opptatt av gjenbruk, bruk av restar og det å finne materiale ute i naturen. På den måten blir det både personlege og billege gåver.
Ingvild Grane vil også slå eit slag for gåver som ikkje er materielle, slik som ei teneste, ein middagsinvitasjon eller litt ekstra omsorg.
– Noko av det finaste eg har fått i gåve, var eit kort der det stod: «Ring meg når som helst når du treng å sove. Eg kan trille babyen på tur imens»
– Sjekk kva du har på lager
Grane har sjølv planar om å lage så å seie alle gåvene sjølv i år.
– Men eg er tidsoptimist så det kan vere at eg ikkje rekk det. Då er det fint å kunne ta seg ein tur i bua og kanskje finne eit glas med syltetøy, leggje eit tøystykke oppå loket og setje på ein fin etikett – og vips har du ei fin lita julegåve. Det går også an å gi bort ei av favorittbøkene dine med ei helsing i til den nye eigaren, seier ho.
Gåveentusiasten må innrømme at det ikkje alltid passar med heimelaga gåver. Også ho har barn som ønskjer seg kjøpte og dyre julegåver.
– Eg må kjøpe gåver til barna mine, som alle andre, men sjølv er eg er veldig klar på at eg helst vil ha heimelaga gåver. Derfor arrangerer vi fleire juleverkstader her i heimen kvart år. Ungane elskar det, så no er det berre å glede seg til jul. Eg ser ikkje bort frå at det kan bli ein dorull-nisse under juletreet i år også.
– Snakk med barna
Forbrukarøkonom i DNB, Silje Sandmæl støttar heilhjarta opp om heimelaga julegåver og andre initiativ som kan dempe kjøpepresset.
– Eg snakkar dagleg med foreldre som er redde for at dei ikkje kan gi barna den jula dei drøymer om. Då er det viktig å setje seg ned saman med barna og snakke open ut om kva dei kan forvente seg. På den måten blir ikkje barna skuffa, og skjønnar betre kvifor dei ikkje kan få den nye iphonen som dei ønskjer seg.
Sandmæl trur ikkje at julekosen vil forsvinne dersom gåvene blir færre og mindre kostbare.
– Det høyrest kanskje ut som ein klisje, men dei fleste av oss har alle tinga vi treng og har heller behov for å setje av meir tid for å gjere hyggelege ting saman. Lag peparkaker saman og finn aktivitetar som ikkje kostar så mykje. I tillegg er det mange av oss som ønskjer seg brukte gåver til jul. Vi treng å kose oss litt ekstra no, men det er ikkje all kos som kostar skjorta.
Her finn du tips til heimelaga gåver:
Bivokslys
Bruk avlange bivoksplater som er cirka 32 centimeter lange. Del plata i to med ein skarp kniv, slik at kvar plate blir cirka 16 centimeter, og du kan lage to lys av kvar plate. Start med å leggje bivoksplatene i romtemperatur ei stund, slik at dei blir lettare å jobbe med. Klipp ein veik som er litt lengre enn den kortaste sida av bivoksplata, slik at veiken stikk ut på den eine sida. Bøy bivoksplata rundt slik at ho dekkjer veiken, og fortsett deretter å rulle plata rundt veiken til du har brukt opp heile plata.
Vinterkrans av strå
Start med å samle ei stor korg med strå som du finn ute. Leit etter kontrastar i fargar og form. Ta alt saman med inn, og sett deretter saman mange små bukettar som du surrar litt tynn bomullstråd eller ståltråd rundt, slik at dei held seg samla. Sjølve kransen kan du enten binde rundt ein ferdig metallring, eller du kan lage ein kransering sjølv ved å surre ståltråd rundt i ring tre–fire gongar.
Tørka appelsinhjarte
Skrell klementinar slik at skalet blir så stort og lite oppstykka som mogleg. Legg skalet flatt og bruk ei lita, hjarteforma peparkakeform til å presse ut eit hjarte. Du får truleg plass til eitt til to hjarte på kvart skal.
Legg hjarta inni litt avispapir eller eit anna papir som trekkjer til seg fukt, og stable deretter ein bunke tunge bøker oppå. La hjarta liggje slik i press i eit par dagar.
Frå påleggstube til gullpynt på juletreet
Du startar med å opne den tomme tuben med ei grov saks. Klipp av begge endane på tuben og klipp deretter langs langsida av tuben slik at du kan opne han opp til eit stort ark. Finn fram ei vanleg matskei frå kjøkkenskuffa og dra henne over metallarket, slik at overflata blir jamn og rett.
Klipp ut figuren du vil lage, og spray med gullmålingsspray på den sida som framleis ser ut som ein påleggstube.
Julehjarte av stoffrestar
Klipp ut to like store hjarte frå eit stoff. Legg hjarta mot kvarandre vrange mot vrange og sy rundt kanten med litt grove sting. Bruk gjerne ein litt grov sytråd, til dømes ein broderitråd eller eit tynt garn. Når du har sydd rundt nesten heile hjartet, men har ei lita opning att, fyller du hjartet med vatt. Deretter syr du igjen den siste opninga.