nyhende
Dropp bilen, ta heller bussen på ferie i sommar
Mange tenkjer at vi treng bil for å komme oss dit vi vil på Noregsferie. Det er derimot gode moglegheiter for å reise kollektivt – nesten over alt. – Det er for få folk på norske bussar og båtar, meiner kollektivtransport-entusiast.
– Eg har lyst å fortelje folk at det ikkje berre er enkelt, men også utruleg givande å reise på ferie med kollektivtransport, seier Odd Steinar Åfar Viseth til Nynorsk pressekontor.
Han held i desse dagar på med eit bokprosjekt og ei nettside som skal gjere det lettare for oss nordmenn å la bilen stå og heller velje kollektivtransport når vi skal reise på ferie i eige land.
Viseth reiser meir med kollektivtransport enn dei aller fleste andre. Han har ein gammal Saab, men den brukar han berre når han skal hente byggvarer – og ikkje alltid då heller.
– Eg har òg reist med bussen i Oslo med ein fire meter lang eikebjelke. Det er enklare å få ei lang fjøl inn på ein buss enn inn i ein bil, hevdar han og ler.
Bussfamilie-oppvekst
Viseth er sjølv frå ein familie med lange tradisjonar for å reise kollektivt – og han har slik sett fått interessa inn med morsmjølka.
– Eg er glad i bussen og har vakse opp i ein bussfamilie. Både far og bestefar var bussjåførar – og eg har òg køyrt mykje buss sjølv.
Oppveksten førte til at interessa for rutegåande transport bløma alt frå ung alder og han fekk tidleg oppleve gledene slik turverksemd fører med seg.
– Folkelivet du opplever når du er på lokalbussen eller lokalbåten er unikt. Du får eit innblikk i kva som skjer i dei ulike lokalsamfunna. Når du reiser slik dei lokale gjer forstår du dei spesielle samanhengane i kvar vesle bygd. Viss du sit i eigen bil og køyrer frå plass til plass utan å møte nokon, så får du ikkje inntrykk av noko som helst, fortel han engasjert.
Tips og triks
Anten du vel buss, båt, tog, fly eller eit anna kollektivt framkomstmiddel har Viseth tipsa som kan vere gode å ha med seg når du planlegg turen din. Han meiner det aller viktigaste er tilgang til informasjon.
– Du må ha kjennskap til rutetider, opningstider på stadar kor du kan kjøpe mat og stadar du kan overnatte. Både opnings- og rutetider forandrar seg over tid, så difor er det viktig å sjekke dette nøye.
Eit anna tips frå kollektivtransporteksperten er å ta kontakt med folk.
– Snakk med mannskapet på båten og sjåføren på bussen om korresponderande båtar, bussar eller tog. Då vil du få betre oversikt og du vil òg føle deg sikrare på at planane dine kjem til å fungere. Mange vil nytte høvet til å fortelje eit eller anna eller spørje om kva slags type tur du er ute på. Det einaste du risikerer er å få ein hyggeleg prat.
Han tilrår òg å bruke informasjonen du finn hos nettstaden Entur.
– Dei har alle kollektivrutene i Noreg lagra. Og med ei enkel avkryssing kan du òg søkje på flyruter. Dei har akkurat dei same rutedata som kvar fylkeskommune har. Difor er dette kanskje mitt beste tips.
Reisebok-prosjekt
I desse dagar arbeider han altså med ei bok og ei nettside om å reise kollektivt. Målet er lansering ein gong til neste år.
– Eg håpar eg kan vere med å opne auga til folk for kor enkelt det er å reise kollektivt i Noreg.
Han forklarer at noko av hensikta med prosjektet er å bidra til at lokalbussar og lokalbåtar får fleire turistar.
– Det er for få folk på norske bussar og båtar. Eg vil hjelpe folk å komme seg dit dei gode opplevingane ventar. Du kan reise på pub-til-pub-runde i Distrikts-Noreg med uniformert sjåfør, seier Viseth og ler.
Tolv kollektive knutepunkt
Viseth tilrår tolv ulike knutepunkt i heile landet som utgangspunkt for ein ferietur med kollektivtransport. Det er òg desse knutepunkta han baserer arbeidet med boka si på.
– Stadane har eg plukka ut fordi det er lett å komme seg til dei og fordi dei har eit godt kollektivtilbod vidare ut til attraktive destinasjonar. Knutepunktet i seg sjølv skal vere ein bra plass å vere og strukturen vidare er lagt opp slik at du skal kunne ta minst ein helgetur og minst tre ulike dagsturar med utreise frå det enkelte punktet, forklarar Odd Steinar Åfar Viseth.
- Hammerfest
- Sortland
- Bodø
- Sandnessjøen
- Kristiansund
- Åndalsnes
- Florø
- Lillehammer
- Bergen
- Stavanger
- Oslo
- Kristiansand