nyhende

Sveio høgt oppe på fleire kommunescoringar:

Rådmann Jostein Førre og ordførar André Mundal Haukås (H) viser framsidene av dei to rapportane som begge rangerer Sveio høgt for god styring.
Rådmann Jostein Førre og ordførar André Mundal Haukås (H) viser framsidene av dei to rapportane som begge rangerer Sveio høgt for god styring.

Driv godt og får mykje for pengane

Sveio scorar høgt, og høgare enn alle nabokommunane i Sunnhordland, både på Kommunebarometeret og Kommuneindeksen. Begge desse måler korleis kommunane blir styrte.

Publisert Sist oppdatert

På kommunebarometert ligg Sveio på 20. plass, medan dei er tildelt 47. plass på Kommuneindeksen.

Takkar tilsette og politikarar

– Me er sjølvsagt nøgde med at me ligg så høgt oppe på begge listene. Både tilsette, leiarar og politikarar fortener takk for dette resultatet, seier rådmann Jostein Førre.

Han får støtte frå ordførar André Mundal Haukås (H). Både rådmannen og ordføraren var til stades då Kommuneindeksen blei presentert på Arendals-veka. Kommuneindeksen blir laga av Agenda Kaupang på vegne av Storebrand. Kommunane blir målte på mellom 80 og 90 parameter. Grunnlaget er Kostra-tal, grunnskulerapporteringar og IPLOS-tal frå helse og omsorg som kommunane sjølve melder inn.

Kommunebarometeret, som blir utgitt av Kommuneforlaget (KS) byggjer på dei same grunnlagsdata, men måler kommunane på 157 parameter. Ut frå dette blir kommunane målte på finans, kostnadsnivå og kvalitet på tenestene dei leverer.

Mykje for pengane

– Sveio scorar bra på kostnadsnivå. Kommunen har  ei effektiv drift og får mykje for pengane ein har tilgjengeleg. Utfordringa vår er å tilpassa tenestenivået etter dei midlane me har, seier Førre og Haukås.

Om kommunen hadde hatt større ressursar, kunne dei begge tenkt seg høgare tenestenivå på fleire område.

Sveio scorar aller høgast innan barnehagesektoren, der kommunen ligg 34,7 prosent over landsgjennomsnittet. Lågast ligg kommunen på saksbehandling, der tala viser 25,4 prosent under landsgjennomsnittet.

– Barnehage er ein sektor der me også brukar ein del pengar, så her er det nok ein samanheng. Skifte av folk i fleire stillingar kan forklara lang saksbehandlingstid. Dette fører også til inntektssvikt når tidsfristar blir overskridne, forklarar Førre.

Elles legg han til at det er noko bra og noko som kan bli betre innan alle sektorar. Det er også vesentleg å vera klar over at ikkje alt kan målast, seier han.

Folkemøte

Korkje Kommunebarometeret eller Kommuneindeksen blir brukte direkte som verktøy for kommunen i arbeidet med budsjett og ulike planar.

– Me brukar våre eigne tal, som også dei to rapportane byggjer på, understrekar både den administrative og den politiske leiaren i Sveio.

Planlegging for framtida ut frå ulike moglege framtidsscenario er dei begge opptekne av. Her vil dei også trekkja innbyggarane med for å auka både engasjement og forståing.

– Onsdag 18. september får me besøk av KS-konsulent Håvard Moe, som er ekspert på å analysera samfunnsutviklinga og presentera ulike scenario på grunnlag av mellom anna befolkningsutvikling. Då inviterer me til folkemøte i Vigdartun. Det blir garantert eit interessant møte, både for politikarar og folk flest, seier Haukås.

Moe har besøkt fleire kommunar i Sunnhordland og Haugalandet tidlegare. Rådmannen og ordføraren har merka seg at han under slike besøk har trekt Sveio fram som eit positivt eksempel. På denne bakgrunnen er dei spente når den erfarne konsulenten no har dukka djupt ned i Sveio sine data.

Powered by Labrador CMS