nyhende

Draumen er felles arbeidsdagar på eigen gard

Silje Svartveit Osmundsen (20) og Toralf Loe (21) ser positivt på ei framtid i landbruket. Om fem til ti års tid håpar dei å ha overtatt garden etter Silje sine foreldre. Men først legg dei litt ekstra innsats i grisen.

Publisert Sist oppdatert

Heilt sidan Silje Svartveit Osmundsen byrja på landbruksutdanning på Voss har det lege i korta at ho ein dag skulle overta garden heime på Nordskog. No er dei to om planane, for på Voss møtte ho Toralf Loe, og då var det gjort.

Framtidsplanar blei lagt, om eit par år ville dei flytta til Sveio, men så blei planen framskoten. Kva skjedde?

– Du veit, ho hadde gard, og så var det dette med grisefjøset som stod tomt. I tillegg var svigerfar litt ivrig etter å få meg sørover, han meinte me burde koma heim, seier Toralf og smiler breitt.

Gardsgut frå Voss

Han er oppvaksen på gard på Voss, med mor frå Hardanger med fruktgardtradisjon, og far frå sauebruk i Oppdal i Trøndelag. Alt som 14-åring byrja han som avløysar hos forskjellige bønder på Voss.

– Eg har alltid vore interessert og aktiv frå eg var liten, særleg i gardsdrift. Onkel driv i dag familiegarden i Oppdal med 200 sauer og 16 kyr. Då eg var liten var eg alltid med farfar og onkel i fjøset, fortel Toralf Loe.

Grisebonde

Likevel var det ikkje grisebonde vossingen hadde sett for seg at han skulle bli, men då ryktet om eit tomt grisefjøs på Tjernagel kom han for øyra, byrja ballen å trilla ganske raskt.

No er Toralf grisebonde på fulltid, medan sambuaren Silje har fått jobb på Bondekompaniet i Haugesund. På sikt er målet å bli fulltidsbønder heime på Nordskog der dei alt har overteke våningshuset etter hennar foreldre.

I startfasa

– Me er i ei startfase. Tanken er at søstrene mine «viker» odelen slik at eg kjem først i rekke. Det blir nok ei stund til eg blir eigen sjef, men det kjem litt etter litt, fortel Silje som er yngst av tre søsken.

Det var morfaren til Silje, Oddmund Svartveit, som kjøpte garden i 1972, neste generasjon, Gjertrud og Gunnar Osmundsen, overtok i 1998. Dei driv samdrift med Jan Holger Hamre, partane steller fjøset annakvar veke.

– Me bestemte oss i februar i år. Det heile var litt spontant, fortel Silje og Toralf når me møter det driftige paret på Tjernagel. Inne i det store grisefjøset ligg 350 grisar og dormar, seks dyr i kvar binge. Her er rikeleg med plass, for eigenteleg er fjøset godkjent for 600 gris.

Slaktegris

Då matprodusenten Nortura blei med som rådgjevar, slo Toralf Loe til. Han inngjekk leigeavtale med fjøseigarane, Brit Oddrun Stuve og Helge Lien Reinertsen, som tidlegare dreiv kombinert satelitt i Nes purkering, der dei hadde purker, slaktegris, smågris og større griser samtidig.

Den nye leigetakaren har lagt opp drifta på ein litt annan måte. Gjennom Nortura har han avtale med svineprodusent Johannes Silde i Etne, og får levert gris kvar fem og ei halv veke. 26. mars i år kom dei første grisane til gards. Ved mottak er dyra ein månad gamle og rundt 30 kilo. På Tjernagel blir dei fôra opp, og når dei er mellom sju og ti veker gamle, og har oppnådd ei slaktevekt på 85 kilo, blir dei henta av «slaktebilen».

Felles interesser

Engasjementet til jordbruket kan for begge partar trekkjast tilbake til oppveksten.

– Toralf og eg har mykje av dei same interessene, men han er nok litt meir traktorinteressert enn meg, ler Silje.

– Kva er det som trekkjer opp når de tek sikte på eit yrke i landbruket, og dermed garantert vil få lange arbeidsdagar?

– Eg har vore klar på det heile tida kva eg har lyst til. Ja, det er mykje som må gjerast på ein gard, og det er lange dagar, ingenting kjem av seg sjølv, men så er det også ganske fleksibelt. Men sjølvsagt må du må halda deg i skinnet, du kan ikkje liggja på sofaen og dra deg, du må sjølv passa på at du er ute og jobbar, seier Toralf.

Silje følgjer opp: – Det er alltid noko som må gjerast på ein gard, og då tenkjer eg også på dette med å produsera norsk kvalitetsmat. Og ja, det kan fort bli lange dagar, særleg rundt slåtten, men elles er dagane såpass varierte at det er ikkje noko me tenkjer på, me jobbar til me er ferdige.

Ammekyr?

– Har nokon prøvd å skremma dykk vekk frå bondeyrket?

– Nei, det har me ikkje opplevd, derimot har me fått mange positive tilbakemeldingar som handlar om at me er unge bønder som vil satsa og driva, nikkar dei to som røper litt av framtidsplanane sine:

– Me har lyst å byggja ammekufjøs av eigen skog, dersom det er økonomisk forsvarleg. Elles vil me nok driva med mjølkekyr, slaktegris og eventuelt litt sau, og håpar med tida på felles arbeidsdagar, seier det driftige, unge paret.

Denne saka er ein del av «Den store folkevandringa», eit samarbeidsprosjekt mellom lokalaviser organisert i Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK.
Powered by Labrador CMS