nyhende

Dramatisk natt i Mølstrevåg: – Me var heldige

Rundt midnatt kunne det gått skikkeleg ille for familien Åsbø. Eit digert eiketre måte gje tapt for vinden og gjekk i bakken like ved huset.

Publisert Sist oppdatert

– Heldigvis var jentene komne i hus etter ein lang treningskveld med Sveio drill, og det var så seint at det var lite trafikk. Og heldigvis var vindretninga som den var. Om ikkje hadde treet falle over huset. Me har vore heldige, seier Heidi Magnesdatter Åsbø.

Ho og mannen har sove 3-4 timar til saman i løpet av natta, og akkurat fått lada mobilane i bilen og tatt seg ein kopp kaffi. Frå termosen med kaffi frå i går.

FØR: Slik har eiketreet stått i 110 år.

– Var orkan i kasta

– Då eg var 4 år opplevde eg den store orkanen på Visnes. Lyden frå vinden som kom i natt sette meg rett tilbake til då. Det var same lyden, og det er ingen tvil om at det var orkan i kasta som tok eiketreet. Det har stått i storm i 110 år, så det var sterke krefter i sving i natt, seier Heidi.

Treet la seg over Mølstrevågvegen, og mannen Morten var raskt ute med motorsag i stormen og fekk rydda slik at det var mogeleg for ein bil å passera.

– Me sette ut varseltrekant også, men den var altfor lett og flaug veggimellom. Mesta kom etter kvart og fekk sett opp sebrastripeskilt slik at folk blir varsla. Eg er glad det skjedde natt til ein laurdag. Treet ligg fem meter frå busstoppet som dei tre ungane brukar, og sidan det er laurdag er det lite trafikk til og frå Ølen betong. No ventar me på at treet skal bli fjerna heilt slik at det er trygt å passera, seier Heidi, og ber folk ferdast forsiktig på vegen.

ETTER: I dag ligg treet flatt utover Mølstrevegen.

13 tre til

Treet er eigentleg sju tre i eitt. Det har ikkje knekt, men velta, og krateret etter røtene som er løfta opp måler 11 x 4 meter.

– Eit heldigvis til er at rotvelten gjekk klar av spetiktanken med 10 cm. Me slapp unna med litt endra vinkel på røyret, seier Heidi.

Utover natta har også 13 andre tre måtta gje tapt for vinden. Det er ikkje første gongen det er trefall over vegen i nærleiken av huset.

– For kvart knekk i natt har Morten vore ute i uvêret med motorsag for å sikra. Det er også tre på andre sida av vegen som enten har knekte greine som heng over vegen eller er i ferd med å velta. No må dei som har ansvaret for vegen sørga for å fjerna dei trea som står igjen slik at me er sikra at det ikkje skjer ei alvorleg ulykke, seier Heidi.

Etter ei strevsam natt blei det lading av mobilar i bilen og ein kopp kaffi frå går på Heidi Magnesdatter Åsbø og Morten Åsbø: Selfie: Heidi

Kan bli straumlause heile helga

Familien bur seg på å vera straumlause gjennom helga.

– Han frå Fagne som var her sa det var sett opp at me kunne rekna med få straumen tilbake klokka 16.00. Det hadde han liten tru på. Fagne er i gong med å søka frå oss, via den næraste bonden og vidare mot Paddevegen. Dei slit med å finna feilen, så me reknar med både dagen i dag og kanskje morgondagen går før me har straumen tilbake. No blir det pinnebrød og oppvarma taco på gassbluss til frukost. Ved har me jo fått rikeleg av no, seier Heidi med eit smil.

Dette treet er i ferd med å velta.

Siste oppdatering: Heidi melder i kveld at ingen dukka opp i løpet av dagen for å rydda vegen. Dei har difor gjort det sjølv, slik at det no kan passera to bilar som normalt.

– Me har også fått straumen tilbake, så no blir det varm kaffi, fortel ho.

Vegen er rydda, og sebrastripeskilta står igjen.
Powered by Labrador CMS