nyhende

Eit helseoppdrag på Lyngholm eskalerte til eit drapsforsøk påskeaftan i fjor.
Eit helseoppdrag på Lyngholm eskalerte til eit drapsforsøk påskeaftan i fjor.

Dømt til seks års fengsel i Lyngholm-saka

Mannen i 30-åra som blei tiltalt for drapsforsøk i påsken i fjor, er i Haugaland og Sunnhordland tingrett dømt til seks års fengsel. Han må også betala 125.000 kroner i oppreisingserstatning.

Publisert Sist oppdatert

Påskeaftan i fjor blei nødetatane kalla ut til eit helseoppdrag på Lyngholm. Det eskalerte til at mannen som no er dømt gjekk til åtak på ein politimannen med ein om lag 50 cm lang machete.

Retten har tatt stilling til fire tiltalepostar. Dei to første gjeld drapsforsøk og grov vald mot polititenestemann. Dei to andre om handlar om narkotikalovbrot og brot på våpenlova.

Livredd

Under rettssaka forklarte politibetjenten at han aldri før har vore redd på jobb i dei sju åra han har vore politibetjent, men då tiltalte kom springane mot han med macheten vart han livredd.

Politibetenten hadde ikkje anna våpen enn eit elektrosjokkvåpen og batong på seg. I retten forklarte han at han prøvde å rygga medan han freista å skyta tiltalte med elektrosjokkvåpenet. Det første skotet trefte dårleg, og det hindra ikkje tiltalte.

Politibetjenten vart stoppa av at ryggen trefte ein hekk med eit gjerde inni. Om lag samstundes nådde tiltalte fram til politibetjenten og trefte han med macheten.

Kunne medført livstruande skade

Retten kjem til at dersom politibetjenten ikkje hadde hatt vernevest på seg, ville macheten har treft politibetjenten i mageregionen og kunne ha medført livstruande skade.

Retten påpeikar at tiltalte sine handlingar denne dagen var sterkt påverka av at han var i ein psykose som var utløyst av LSD-en han hadde tatt. Tiltalte har ingen historikk for å vera valdeleg eller å ha nokon grunn til å gjera åtak på politiet, står det i dommen.

Cannabis og ammunisjon

Den tredje tiltaleposten gjeld ulovleg tilverking og oppbevaring av narkotika. Grunnlaget er funn politiet gjorde hos tiltalte søndag 9. april 2023. I dommen heiter det at retten finn det tvillaust prova at tiltalte dyrka 27 cannabisplanter, tilsvarande 1.783 gram, og oppbevarte 137 gram cannabis i bustaden sin i Sveio.

Den fjerde tiltale posten gjeld brot på våpenlova. Retten kjem til at tiltalte skal dømmast for å ha «innehatt» 40 stk. Newton kabiler .22 patroner, 500 stk. Federal Hi Power kaliber .22 patroner, 57 stk. kaliber .22 patroner av ukjent merke, 68 stk. Remmington haglepatroner, og 63 stk. Smith and Wesson kaliber 380 patroner.

Straffeutmåling

Retten vurderer at det er tiltalepost I – drapsforsøket – som er det mest alvorlege forholdet og som dermed vil vera utgangspunkt for straffeutmålinga.

Når det gjeld narkotikalovbrotet i tiltalepost III legg retten i straffeutmålinga vekt på at det gjeld både tilverking og oppbevaring av cannabis. Brotet på våpenlova er eit bøteforhold, og vil i realiteten ikkje ha innverknad på straffeutmålinga.

Tiltalte er dømt til seks års fengsel med tre dagar fråtrekk for opphald i varetekt.

Ved fastsetting av oppreisingserstatninga legg retten vekt på at politibetjenten vart utsett for ei svært skremmande handling, som han ikkje var førebudd på, og at han var reelt redd for å mista livet. Han har hatt psykiske vanskar etter hendinga som han har trengt behandling for og som har gått utover hans fungering i familien.

Tiltalte er dømt til å betala ei oppreisingserstatning på 125.000 kroner innan 14 dagar frå forkynning av dommen

Powered by Labrador CMS