nyhende

Haugaland tingrett og Sunnhordland tingrett var blant domstolane som vart slått saman.ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
Tinghuset i Haugesund, kor dei fire styremedlemmene har kjempa for si sak i to omgangar. Først i tingretten, kor dei vann - så tapte dei ankesaka i lagmannsaretten.

Dømt til eitt års fengsel i narkotikasak

Ein 30 år gamal familiemann busett på Karmøy er i Haugaland og Sunnhordland tingrett dømt til fengsel i eitt år for grovt narkotikalovbrot. Mannen blei observert av politiet i Sveio og seinare pågripe.

Publisert Sist oppdatert

Tiltale har erkjent at han i periodar frå september 2019 til januar 2020, erverva til saman rundt 100 gram amfetamin, og at han i mai i 2020 erverva 93,24 gram amfetamin, frå ein og same person i Sveio. Retten slår fast at tiltalte har handla forsettleg, og at han blir å domfella for to brot på straffelova.

Avslørt av politispaning

Bakgrunnen for saka er at politiet over ein lengre periode hadde ein pågåande etterforsking i Mølstrevåg, mot eit miljø med polske og litauiske statsborgarar der det var mistanke om alvorleg narkotikakriminalitet. Det blei då avdekka at tiltale hadde kontakt med desse.

Mølstrevåg

Det var i slutten av mai i fjor at politiet observerte ein raud bil som kom køyrande og stansa i nærleiken av Ølen betong sitt anlegg. Ein person gjekk ut og til ei privat adresse, og kom like etter tilbake og køyrde av garde. Bilen blei stansa av politiet i Grinde, og det var tiltalte som sat bak rattet.

Ved ransaking blei det beslaglagt ein pakke, – analyserestultet frå Kripos viste at beslaget inneheldt 93,24 gram amfetamin med ein styrkegrad på 15 prosent.

Har uttrykt anger

Tiltalte forklarte til retten at han hadde prøvd amfetamin for første gong i samband med ei bursdagsfeiring, og at han deretter heldt fram med å bruka dette i festsamanheng. Tiltale angrar og har erkjent forholda. Han er ikkje tidlegare straffedømd.

Powered by Labrador CMS