nyhende

Tingretten har dømt ei kvinne i 30-åra til fengsel i fire år og seks månader for drapsforsøk.
Tingretten har dømt ei kvinne i 30-åra til fengsel i fire år og seks månader for drapsforsøk.

Dømt for drapsforsøk i Sveio

Ei kvinne i 30-åra er i Haugaland og Sunnhordland tingrett dømt til fengsel i fire år og seks månader for drapsforsøk på ektemannen. Hendinga skjedde i Sveio i mai 2022.

Publisert Sist oppdatert

Kvinna er også dømt til å betala ektemannen ei oppreisingserstatning på 220.000 kroner. Tida i varetekt kjem til fråtrekk frå fengselsdommen. Dommen blei først omtalt i Haugesunds Avis.

Hevda naudverge

Kvinna har hevda at ho handla i naudverge då ho brukte ein kjøkkenkniv mot mannen og påførte han to stikk i halsen. To samleårer og ei pulsåre blei skadd. Både kvinna og mannen hadde drukke alkohol før det oppsto ein krangel med påfølgande basketak mellom dei to.

Retten kom til at kvinna ikkje var i ein naudvergesituasjon og fann det difor rett å døma henne for drapsforsøk. Medan påtalemakta la ned påstand om fengsel i seks år, fann retten formildande forhold som gjorde at straffa altså blei sett til fire år og seks månader.

Vurderer anke

Kvinna sin forsvarar, advokat Elisabeth Rød, seier til Haugesunds Avis at ho vil gå nøye gjennom dommen saman med klienten sin for å vurdera om dei skal anka.

Powered by Labrador CMS