nyhende
Dømt for å ha truga butikktilsette på livet
To tilsette ved ein butikk i Sveio kommune er mellom fleire fornærma personar på Haugalandet som har blitt truga på livet av ein mann i 30-åra dei siste åra. No er han dømt til fengselsstraff.
Mannen, som er busett i Haugesund og har store rusproblem, måtte svare for heile 26 tiltalepostar då han møtte til hovudforhandlingar i Haugaland og Sunnhordland tingrett nyleg. Det handla om alt frå trugsmål mot privatpersonar og butikktilsette, til tjuveri og oppbevaring av narkotika.
Trugsmål etter tjuveri
To av dei mest alvorlege postane handla om trugsmål mot tilsette ved ein butikk i Sveio kommune. I eit tidsrom på trå månader frå sommaren 2021 skal mannen to gonger ha blitt konfrontert med tjuveri frå den aktuelle butikken. I begge tilfelle skal han ha respondert med å truge med at han skulle vente utanfor butikken til dei tilsette var ferdige på jobb, før han ville utøve livstrugande vald mot dei. Retten slår fast at det er bevist at trugsmåla i begge tilfella var eigna til å framkalle alvorleg frykt hos dei tilsette, og at domfelte handla med forsett.
Ved det siste tilfellet var mannen ilagt besøksforbod overfor butikken. Han blei tatt på fersken av politiet etter at dei var blitt varsla av eit vitne i butikken.
Ved eit anna tilfelle, som fann stad i Haugesund, skal domfelte ha veiva rundt seg med øks på ei privat adresse, truga ein person, og laga skadar på huset ved øksa. Ved eit anna tilfelle truga han ein person med ein kjøkkenkniv. Ved eit tilfelle har han også tømte ei sprøyte med blod mot ein person og sagt «du er død».
Fekk strafferabatt
Mannen skal ha vore rusa ved dei fleste tilfella, men retten slår fast at han skal dømmast som om han var upåverka. Retten finn det elles skjerpande at mannen er dømt ein rekke gong for liknande forhold tidlegare. I formildande retning vektlegg retten at mannen erkjente dei fleste forholda. Det eldste forhold var tre år gammalt då saka kom opp for retten, det nyaste var eitt år gamalt. Mannen har oppnådd ti prosent strafferabatt som følgje av denne liggetida.
Mannen er dømt til 7 månader i fengsel, kor 105 dagar er på vilkår med ei prøvetid på to år. Han må også tåle inndraging av ei øks, ein kniv og ein luftpistol.