nyhende

Ulykka skjedde ved steinbrotet som Vassbakk og Stol har i Valevåg.
Ulykka skjedde ved steinbrotet som Vassbakk og Stol har i Valevåg.

Dødsulykka i Valevåg er ferdig etterforska

5. oktober i 2022 mista Jan Eirik Langåker (24) frå Karmøy livet i ei i arbeidsulykke i Valevåg. Saka er no ferdig etterforska.

Publisert Sist oppdatert

Det stadfestar politiadvokat i Sørvest politidistrikt, Tove Marie Haver, til Sunnhordland.

– Sidan det er snakk om ei dødsulykke blir den sendt til Statsadvokaten for vurdering, seier Haver, til avisa.

Livet ikkje til å redda

Det er Karmøy-firmaet Vassbakk og Stol som driv steinbrotet kor ulykka hende. Politiet fekk melding via AMK-sentralen denne onsdagen klokka 13.31. Nødetatene rykka ut til staden med store ressursar, og det vart raskt konstatert at ein person var tatt av raset.

Fleire arbeidarar var i området, og nokre av desse var ifølgje politiet også vitne til raset.

– Arbeidaren som vart tatt av raset vart frigjort av redningsmannskapa, men livet stod diverre ikkje til å redda. Mannen vart erklært død på staden like etter, opplyste operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen i Sør-Vest politidistrikt i ei pressemelding som vart sendt ut om ettermiddagen 5. oktober.

Namnet på den omkomne blei frigjeve fem dagar etter ulykka.

Arbeidstilsynet sin rapport

Sunnhordland har tidlegare skrive om Arbeidstilsynet sin rapport og pålegg etter ulykka.

Verksemda fekk tre pålegg etter tilsynet, og det blei mellom anna konkludert med at verksemda ikkje hadde gjort ei konkret risikovurdering av det nye brotet.

Arbeidstilsynet peika også på at HMS-planen ikkje sa noko om tryggleik ved mogelegheit for blokkfall eller blokkutgliding, og ein fann manglar ved opplæring til arbeidstakarar om stabilitetsvurdering/rasfare, skriv Sunnhordland.

Powered by Labrador CMS