nyhende

Illustrasjonsfoto: Halvard Alvik, / NTB / NPK

DNT tilrår fjellturar i august

Publisert Sist oppdatert
August er den finaste tida i fjellet, meiner generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang i Den Norske Turistforeininga (DNT). Dei har seks tilrådingar for fjellturar ein kan ta når fellesferien er over.

Lange dagar, frisk fjelluft, sol som varmar og fantastisk utsikt. Utnytt at stiga er tørre og dei betente hyttene framleis er opne. Du rekk mykje på tre dagar, skriv DNT i ei pressemelding.

Dei finaste og fredelegaste fjellturane kan du få no. I august og i september byr fjellet på ein forlengd smak av sommar og ein herleg forsmak på hausten.

– På DNTs betente hytter er det plass. Det er mogleg å bestille plass på førehand, men også å komme uventa. Velkommen til fjells, seier Dag Terje Klarp Solvang, generalsekretær i DNT, i pressemeldinga.

Under er DNTs tips til eit utval flotte turar du kan klare på tre dagar

1) Helg på Hardangervidda

Hardangervidda er lett tilgjengeleg på grunn av mange fine hytter og rutar med nærleik til veg og offentleg transport.

Turen Finse – Krækkja – Haugastøl/Tuva er ein middels krevjande tur.
Ta toget til Finse. Dag to går du til Krækkja, med majestetiske Hallingskarvet på venstre hand og vidda på den høgra. Etappen er cirka sju timar.

2) Høgdepunkt i Rondane

Praktfulle og populære Rondane inviterer til fantastiske turar, og dei betente hyttene byr på herleg lokalmat og god stemning.

3) Til seters i Langsua

Langsua sør for Jotunheimen vart nasjonalpark i 2011. Området er gjestmildt og lettgått, og har koselege turisthytter med korte avstandar mellom.

4) Fiskelykke på Saltfjellet

Ei fin rute til ein tredagars tur er Tverrbrennstua – Bjellåvasstua – Tretnes i Saltdal.

Bjellåvasstua ligg flott til i nordenden av Nordre Bjøllåvatnet/BajepRuovdajavrre. Med gyldig fiskekort for statsgrunn er det god grunn til å tru på fiskelykke anten du nyttar stong, garn og oter. Robåt ligg i naustet ved hytta.

5) På gammal drifteveg frå Sirdal

Ruta går Skredå – Støle turisthytte – Tomannsbu turisthytte – Tverråna i Hunnedalen.

Delar av denne turen går i same trasé som jærbøndene brukte då dei dreiv sauene opp til heiebeitet i Sirdal. Ein flott tur i eit småkupert og frodig terreng.

6) Topptur i Glitterheim

Glitterheim er lett tilgjengeleg med bil og buss. Dei siste sju kilometrane for eiga maskin på grusveg, til fots eller på utleigesyklane du alltid kan låne her. Glittertind er Noregs nest høgaste fjell og er ein tur på cirka fem timar tur-retur som kan gåast av dei fleste. Glitterheim er også eit naturleg start- og overnattingsstad på ein rundtur gjennom området, mellom anna til Memurubu og Spiterstulen.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS