Oslo 20160509.Mandag 9. mai var det opp mot 25 grader flere steder i landet. I Hvervenbukta i Oslofjorden var det flere som dristet seg uti for et forfriskende bad, eller litt vassing og lek i vannkanten.FOTO: NPK
NPK-NTB: Meir inneleik og tid framfor skjermen, og dessutan fleire familiar med dårlegare privatøkonomi, bekymrar Den Norske Turistforening (DNT).
– Barn er mindre aktive, bruker meir tid inne og meir tid framfor skjerm. Eg er uroleg for kva det vil seie for folkehelsa, trivselen og meistringa til barna, og ikkje minst kjennskap til naturen, seier generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang i DNT i ei pressemelding.
Solvang peikar på ein rapport frå NINA (Norsk institutt for naturforsking), som viser store endringar i leiken til barn. Barn i dag leikar mindre på eiga hand og mindre i naturen. Det meste av leik og fritid blir styrt av vaksne, er organisert eller er på skjerm.
DNT-leiaren meiner at dårlegare privatøkonomi som følgje av prisauken, også er god grunn til bekymring.
– Kanskje blir det mindre pengar til fritidsaktivitetar, opplevingar og reiser. Det vil ramme barna. Vi veit kor viktig det er for meistringa til barn og den motoriske utvikling å vere i aktivitet ute, derfor er det grunn til bekymring viss det no blir endå mindre fritidsaktivitetar og uteleik, seier han.
Solvang meiner tur- og friluftsorganisasjonar, det frivillige, foreldre, skular og barnehagar må jobbe saman for å inspirere barn til å vere meir ute.