nyhende

ODNB seier sperring av konto er siste utveg overfor kundar som ikkje har kunna legitimere seg. Så snart ein kan vise gyldig legitimasjon, blir kontoane opna igjen, forsikrar banken. Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen / NTB / NPK
ODNB seier sperring av konto er siste utveg overfor kundar som ikkje har kunna legitimere seg. Så snart ein kan vise gyldig legitimasjon, blir kontoane opna igjen, forsikrar banken.

DNB i gang med å sperre kontoar

DNB har byrja å sperre kontoane til kundar som ikkje har kunna legitimere seg innan fristen dei har fått. Banken omtaler dette som siste utveg.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Kundeservice hos den største banken i landet opplyste førre veke at banken rutinemessig stengjer kontoar måndagar, skriv Nettavisen.

Kommunikasjonsrådgivar Stål Ulvin Garberg vil ikkje seie kor mange kundar som har fått sperra kontoen, men seier omfanget er avgrensa.

– Men vi ønskjer ikkje å gå ut med konkrete tal, seier Garberg.

Regelverket om kvitvasking pålegg bankane å følgje opp kundeforhold og vite kven kundane deira faktisk er. Derfor må kundane legitimere seg med jamne mellomrom. Det kan skje i BankID-appen, gjennom melding i nettbanken eller ved fysisk oppmøte.

For ein del kundar betyr det at dei må oppsøkje næraste kontor, og for nokre blir problemet forsterka av at det er lang ventetid på gyldig legitimasjon som pass eller nasjonalt ID-KORT.

Garberg seier sperring av konto er siste utveg.

– Det er noko vi berre gjer om vi ikkje får kontakt med kunden etter fleire forsøk over lengre tid. Kunden kan når som helst ta kontakt og legitimere seg med gyldig oppdatert informasjon. Då opnar vi kontoen igjen, forsikrar han.

Han har forståing for at mange kundar er frustrerte, men seier banken må ta omsyn til kravet i lova.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS