nyhende

Stillbilete frå eit kamera ved Zaporizjzja-kraftverket der det oppstod brann då russiske soldatar fyrte av artillerield natt til fredag. Foto: Zaporizjzja-kraftverket / AP / NTB
Stillbilete frå eit kamera ved Zaporizjzja-kraftverket der det oppstod brann då russiske soldatar fyrte av artillerield natt til fredag.

Direktoratet for strålevern: – Veldig alvorleg situasjon

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Direktoratet for strålevern ser svært alvorleg på at det går føre seg kampar ved Ukrainas og Europas største kjernekraftverk.

Natt til fredag gjekk det føre seg kampar ved atomkraftverket Zaporizjzja, som førte til at det braut ut brann. Ifølgje ukrainske styresmakter vart brannvesenet skotne mot då dei prøvde å sløkkje brannen, men ved 5.50-tida melde brannvesenet at brannen var sløkt.

Det internasjonale atomenergibyrået IAEA stadfesta seinare at det ikkje var målt høgare nivå av radioaktiv stråling ved Zaporizjzja. Direktoratet for strålevern (DSA) seier likevel at situasjonen er alvorleg.

– Dette er Europas største kjernekraftverk. Viss det skjer ei alvorleg ulykke med nedsmelting av kjernen, blir det stort utslepp av radioaktive strålar som blir frakta med vêr og vind, seier beredskapsdirektør i DSA Astrid Liland til NRK.

Ho seier dei er i tett dialog med Meteorologisk institutt, som seier det i dag blæs rett austover.

– Så det er ikkje sånn at viss det skjer eit utslepp, blir Noreg ramma, seier ho.

– Men vi veit ikkje når det går gale, og vi veit ikkje kva retning vinden blæs då, så vi er i full stab her og jobbar med denne hendinga, seier Liland.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS