nyhende

– Eg har aldri kjent skam over språket mitt, og kan heller ikkje hugse at eg på noko tidspunkt har lagt om for å bli forstått. Det vil seie. I Danmark har eg fleire gonger blitt nøydd til å snakke engelsk for å gjere meg forstått, fortel Tønes.
Tønes trivst best på landet, men er innom Oslo ein snartur på veg til festival.

– Dialekten er det eg kan best

Frank Tønnesen, betre kjent som Tønes, brukar talemålet svært aktivt i yrket sitt. Mange blir imponerte over det, men for han er det heilt naturleg. Det er det han kan best.

Publisert Sist oppdatert

Mål og meiningar

Kven: Tønes (Frank Tønnesen) (51)

Kva: Artist og rimsmed.

Kor: Frå Sokndal i Rogaland, der han også bur no.

Vi møter Tønes på Oslo Sentralstasjon ein fin dag i juni. Han er på veg til Moss på festival. Der skal han på sedvanleg vis underhalde tilhøyrarar med underfundige og morosame viser på «hauadialekt» – målet ein pratar i Sokndal og omland.

– Då eg byrja som artist vingla eg mellom bokmål og engelsk i låtane. Det var ikkje så mange andre som song på dialekt og difor gjorde ikkje eg det heller.

Det var først då han «la om» til dialekt i songane sine at artistkarrieren fekk vind i segla.

– Eg oppdaga at det føltest meir naturleg, og at det på eit vis var enklare å uttrykkje seg, fortel han.

Aldri skamma seg

Heile livet har det å prate dialekt vore heilt sjølvsagt for Tønes, og i heimkommunen Sokndal står språket sterkt.

– Men dei unge snakkar jo ikkje slik dei gamle gjer. Det er jo ein ny versjon av hauadialekten som blir rulla ut med den unge generasjonen. Men det er jo naturleg, slik vil det alltid vere.

Av vennene til Tønes har dei aller fleste som har blitt buande i Sokndal-området halde på morsmålet. Av dei som har flytta ut har derimot mange lagt om. Sjølv kan ikkje artisten hugse at han nokon gong har pynta på eller på anna vis prøvd å forfine måten han pratar.

– Eg har aldri kjent skam over språket mitt, og kan heller ikkje hugse at eg på noko tidspunkt har lagt om for å bli forstått, seier Tønes før han legg til.

– Det vil seie. I Danmark har eg fleire gonger blitt nøydd til å snakke engelsk for å gjere meg forstått.

Knorpa

Vi spør om Tønes har eit favorittord frå Sokndal. Han tenkjer seg om.

– Nei … Favorittord? Det kan eg ikkje komme på.

Han tenkjer litt til.

– Kanskje knorpa. Veit du kva knorpa betyr?

Journalisten svarer som sant er at det veit han ikkje.

– Knorpa er viss du har eit drops som du ikkje sug på, men i staden tygg sund, då knorpa du den. Det er eit tøft ord i alle fall, kanskje ikkje ein favoritt, men det er eit ord som eg syns er heilt naturleg, som mange inkludert du ikkje forstår, seier han og smiler.

Knorpa har òg vore med i ein av songane til Tønes. For dialektorda pregar låtane hans i stor grad. Det gjer òg at han får mange tilbakemeldingar på tekstane sine.

– Mange er veldig opptekne av at eg syng på dialekt og at det er veldig bra. Men eg tenkjer ikkje så mykje over det sjølv, det er jo berre naturleg. Det er jo det eg kan.

Vingleperiode

Språket har på mange måtar blitt eit varemerke for den folkekjære artisten frå Hauge i Sokndal – eit varemerke han flittig brukar i dei fleste settingar.

– Eg skriv mykje på dialekt, men det har blitt meir og meir nynorsk i det siste, seier artisten og refererer til at han nyleg byrja som spaltist i nynorskavisa Dag og Tid.

– Sidan eg byrja der har eg prøvd meg på nynorsk. Det er nok nynorsk eg skriv mest akkurat no. Eg er på ein måte i ein vingleperiode kor eg prøver å finne ut kva eg skal bruke i ulike settingar. Når eg skriv mailar er det veldig blanda kva eg gjer. Nokre er på dialekt, nokre på nynorsk og nokre på bokmål. Men det har blitt mindre og mindre av sistnemnde.

Og det er slett ikkje sjølvsagt, for i Dalane i Rogaland, der og Sokndal ligg, er bokmål det dominerande skriftspråket. Så kvifor har ein som har vakse opp med bokmål som hovudmål gått meir og meir over til nynorsk?

– Eg har vel rett og slett funne ut at det ligg nærare måten eg pratar på, fortel han.

Heime best

Uttrykket «borte bra, men heime best» kan skildre forholdet Tønes har til heimplassen sin på ein ganske presis måte. Han trivst godt og kunne aldri tenkje seg å flytte vekk.

– Det beste er at eg bur så nær naturen. Vi har jo til og med ei eiga lakseelv, vi treng eigentleg ikkje noko meir.

Samstundes har Tønes eit litt elsk-hat-forhold til ulike ting på heimstaden.

– Eg pleier seie at dei same tinga som eg likar òg gjer meg frustrert. Ein kan få nok av å vere på ein liten plass. Eg pleier å tulle med at det ikkje skjer nokon ting der eg bur. Det er jo ikkje heilt sant då, men det kan jo følast litt slik når du for eksempel trør beina dine ut her i Oslo.

Høgt på lista over ting han saknar heime er det å ha litt fleire av vennene sine nærare.

– Eg har venner spreidd litt rundt overalt. Eg er jo så heldig at eg får reise rundt å spele og då møter eg jo mykje folk rundt forbi. Men eg saknar å berre kunne ringe nokon å foreslå å treffast utan at ein hadde trengt å ta tog til Oslo eller slikt noko, avsluttar Tønes og set nasen vidare mot Moss for å møte endå fleire nye folk.

Powered by Labrador CMS