nyhende

Endre Hetlesæter frå Senterpartiet. Foto: Privat
Endre Hetlesæter frå Senterpartiet.

– Dette var ei viktig sak for sikkerheita til innbyggarane nord i kommunen

Kva var den viktigaste politiske saka i Sveio i år, og kva vil dei prioritera i 2026? Me har spurt politikarar frå kvart parti. I dag: Endre Hetlesæter, Sp.

Publisert Sist oppdatert

Kven er denne politikaren?

Namn: Endre Hetlesæter

Alder: 24

Bustad: Solheimslio i Førde

Parti: Sveio Senterparti

– Eg engasjerte meg mykje i saka om brannstasjonen i Førde. Dette var ei viktig sak for sikkerheita til innbyggarane nord i kommunen, og eg er glad for at saka gjekk den vegen ho gjekk. Igjen «Tryggleik først, trivsel etterpå».

– Kva var den viktigaste saka for deg i 2025?

– Kva lokalpolitisk sak blir den viktigaste for deg i 2026?
– For meg er det viktig at me har ei trygg og bærekraftig styring videre inn i 2026. På mine få år som «vaksen» så har eg etter kvart lært meg dei viktigaste grunnreglane reint økonomisk. Ikkje bruk pengar du ikkje har, ikkje invester i noko du ikkje kan drifta på sikt, og «tryggleik først, trivsel etterpå». Eg meiner me bør tenka meir sånn i desse trange tider.

– Kven er statsminister hausten 2026, og kvifor?
– Med tanke på at det ikkje er stortingsval i 2026, reknar eg med at Jonas Gahr Støre fortsatt sit som statsminister, hausten 2026.

– Har du eit personeleg mål for 2026? Kva og kvifor?
– Året 2026 håpar eg blir eit år der eg tek meg litt meir tid til meg sjølv, og dei rundt meg. Målet er å få ein litt mindre hektisk kvardag, der eg klarar å lage plass til både trening og avslapping.

Powered by Labrador CMS