nyhende

Dette må du gjere om du ser ein sau som ligg på rygg

Mange sauer døyr fordi dei veltar over på ryggen og ikkje kjem seg opp att. Visste du at du er plikta til å hjelpe og varsle?

Publisert Sist oppdatert

– Eg trudde nesten søya var daud, så då eg fekk ho opp og ho sprang bortover jordet til dei andre dyra … Det var så ekstremt tilfredsstillande: «Tenk, eg har redda ein sau!»

Elisabet Kvinnesland ler då ho fortel om aprildagen i 2020. Ho køyrde E39 frå Stavanger mot Randaberg og hugsar ho stussa i det bilen passerte eit jorde med mange sauer. Var det ikkje ein sau som låg på ryggen med beina rett til vers der, då ..? Ho visste at ho hadde lese om eit slikt fenomen. Kvinnesland snudde bilen og parkerte i ei busslomme. Derifrå la ho på sprang bortover jordet i kontordressen sin:

– Dei andre sauene forsvann i det eg nærma meg, men søya berre låg der, med stive bein rett til vers, og to lam brekande ved sida av seg. Ho såg livredd ut. Eg anar ikkje kor lenge ho hadde lege slik, men det var avføring ved bakenden, så ei stund var det nok.

Fleire årsaker

Ryggvelt heiter fenomenet, og blir altså brukt om sau som av ei eller anna årsak har hamna på ryggen og ikkje greier å kome seg opp att, fortel Lisbeth Hektoen, førsteamanuensis ved Institutt for produksjonsdyrmedisin ved NMBU-Veterinærhøgskulen på Ås.

– Sjølv om ryggvelt er eit kjent fenomen som ein høyrer om frå tid til annan, blir det ikkje spesifikt innrapportert. Vi kjenner difor ikkje til det totale omfanget, seier ho og forklarer:

– Drøvtyggarar toler dårleg å liggje på ryggen eller flatt på sida, fordi det då hopar seg opp gass i vomma. Då får dei ikkje puste og kan døy. Sauer som blir liggjande kan óg døy av svolt og uttørking, eller bli rovdyrmat. Når vi finn eit sauekadaver, kan det difor vere vanskeleg å seie kva som var dødsårsaka.

At mengda av avføring ved endetarmen kan indikere kor lenge sauen har lege slik, seier likevel ingenting om kvifor sauen ikkje greidde å kome seg på beina att i utgangspunktet.

– Etter å ha beita, legg sauen seg ned for å kvile og drøvtyggje. Nokon meiner at dei tyngre sauerasane, slik som Norsk kvit sau, er mest utsette om dei hamnar på ryggen, fordi dei kan ha større vanskar med å snu seg og kome seg opp – i motsetnad til den meir spretne gammalnorske spælsauen. Men sauen kan også bli liggjande fordi han i utgangspunktet er sjuk eller skadd, påpeikar Hektoen.

Varmen farleg

Uansett årsak, bør forbipasserande alltid hjelpe til om dei ser ein sau som ligg på rygg. Det er ekstra viktig no i sommarvarmen, då sauene raskare blir uttørka og svekte:

– Ein sau vil som regel springe om du nærmar deg. At han blir liggjande, er difor det viktigaste teiknet på at han treng hjelp. Du kan også sjå det på beinstillinga, anten ved at beina peikar oppover eller at sauen tydeleg ikkje greier å få fotfeste og sparke frå. Då må du prøve å få han på rett kjøl og hjelpe han opp.

Plikt til å hjelpe

Norsk kvit sau kan vege opptil 100 kilo, og meir når dei er lamtunge. Vekta på villsau og gammalnorsk spælsau ligg til samanlikning på mellom 40 og 60 kilo.

– Ei stor søye kan vere tung å dytte på. Men om ho elles er frisk og får hjelp til å endre stillinga litt, vil ho gjerne hjelpe til sjølv også.

– Sjølv om ein ikkje får sauen opp på beina att, er det viktig å få ho opp i brystleie slik at ho kan liggje med løfta hovud og får puste godt, forklarar Hektoen.

Ho understrekar at me alle har plikt til å hjelpe og varsle om sjuke og skadde dyr, også dei som kan ha vore utsette for rovdyr eller som har sett seg fast i gjerde eller på andre måtar er utilsikta fanga.

– Om sauen ikkje kjem seg opp med hjelp eller verkar sjuk og svak, må ein prøve å få tak i eigaren. Det enklaste er å notere seg id-nummeret på øyremerket og ringe kommunen, eller ta kontakt med ein saueeigar i området som kan guide deg vidare. Sjølv om bøndene fører tilsyn med dyra sine, går dyra ofte over store område som det ikkje er mogleg å nå over kvar dag. For dyrevelferda er det difor viktig at me alle følgjer litt ekstra med, seier Lisbeth Hektoen.

Folkeopplysing og familielukke

Elisabet Kvinnesland i Stavanger har i alle fall fått seg ein vekkjar for livet, og vedgår at det liksom er blitt hennar greie å sjå etter ryggvelta sau når familien køyrer i område med mykje sau. Etter at ho delte opplevinga på Facebook er den blitt delt vidare fleire tusen gonger. I ettertid er ho blitt kontakta av mange som seier dei aldri hadde høyrt om fenomenet før, og som no ser på sau dei passerer med meir vakne auge.

– Det er mange sauer som døyr av ryggvelt, og ein må difor aldri gå frå ein sau som ligg slik. Ta tak i ulla på sauen og dra ho rundt, oppmodar ho.

– Det gjekk overraskande lett å få søya på beina, eg dulta ho berre litt i bakenden, og då fauk ho opp. Eg vart ståande og sjå etter ho til ho var attende med resten av flokken, og ho såg faktisk heilt fin ut, seier Kvinnesland, som framleis blir glad over å tenkje på korleis redningsaksjonen enda:

– Det var ei fantastisk kjensle å vite at eg der og då også hadde redda to lam frå å miste mor si.

Powered by Labrador CMS