nyhende

Dette irriterer nordmenn seg mest over på ferie

Dei aller fleste nordmenn opplever irritasjon under ferien. Berre ein av fem kjenner seg irritasjonsfrie.

Publisert Sist oppdatert

– At nordmenn går oppå kvarandre i ferien og at parforhold går i oppløysing når vi kjem heim må vere ein myte. Partnaren er det vi irriterer oss minst over, seier Marius Solberg Anfinsen, fungerande kommunikasjonssjef i Frende Forsikring, i ei pressemelding.

Det kjem fram i ei uhøgtideleg undersøking gjort av Norstat på vegner av Frende Forsikring.

4 av 5 blir ferieirritert

Om lag fire av fem nordmenn svarer at det er noko dei irriterer seg over i ferien.

For den siste femtedelen svarer at dei ikkje har noko dei irriterer seg over.

– Det må vere ei deilig oppskrift på å kome tilbake til kvardagen. Mange har mykje å lære av å akseptere det du ikkje får gjort noko med, meg sjølv inkludert. At nettet forsvinn eller eit fly er forseinka er enormt irriterande, men ikkje verdt å øydeleggje feriedagen på, seier Anfinsen.

Dette irriterer mest:

1. Skitne hotellrom

2. Veggedyr og kakerlakkar

3. Forseinkingar

4. Andre nordmenn sin oppførsel på ferie

5. Folk som sparkar i setet på flyet

6. Mygg

7. Fyll

8. Manglande internett

9. Andre sine barn

10. At reisefølgjet brukar mobilen for mykje

11. Kø for å hente leigebil

12. Eigne barn

13. Partnaren

Kjelde: Frendeundersøkelsen, utført av Norstat

Powered by Labrador CMS