nyhende
Dette er tipsa du bør hugse om du skal byte julegåver
Fekk du noko til jul du ikkje ville ha, noko du har frå før eller noko som ikkje var i rett størrelse?
Det er no på tide å planleggje korleis det kan bytast, og ifølgje jurist i Forbrukarrådet, Caroline Skarderud, er det nokre ting som er lurt å hugse på, skriv NTB.
Kva trengst for å byte?
– Hovudregelen for å få byte ei gåve er at butikkane skal kunne få seld vara på nytt. I tillegg vil butikkane gjerne vere sikre på at vara som skal bytast, faktisk er kjøpt i butikken, seier Skarderud.
Ho råder til sjekke om du har fått bytelapp.
– Det er også viktig at alt som følgde med vara sit på. Alt av lappar og emballasje. I tillegg kan det vere lurt å sjekke om byttelappen har ein tidsfrist, utdjupar Skarderud.
Om fristen for å byte gåva er lang, har Forbrukarrådet ei oppfordring til deg:
– I år er vi opptekne av å spreie bytinga utover, slik at ein ikkje absolutt er nøydd til å bruke romjula til det. Tidlegare har vi råda til å byte så raskt som mogleg, helst i romjula. Men det er ikkje så lurt med tanke på koronasmitte, seier Caroline Skarderud til NRK.
Det har ikkje kome nokre faktiske regelendringar om byting som følgje av pandemien i år, men ifølgje Forbrukarrådet tilbyr fleire butikkar ein utvida byttefrist for å unngå trengsel i lokala i romjula.
Gåver kjøpt på nett
Om ein vil byte noko som er kjøpt i nettbutikk, ta kontakt med seljar for å høyre kva som krevst for å byte vara dersom angrefristen har gått ut, og sjekk om det er andre spesielle reglar for å byte.
Det kan òg vere lurt å finne ut korleis dei vil ha vara returnert. Mange kjeder og butikkar tar imot varer kjøpt på nett for byte i den fysiske butikken. Då kan ein sleppe returporto.
Dersom du er nøydd til å sende gåva i posten, sjekk kostnadane ved retur og eventuell ny utsending. Dette gjeld spesielt for kjøp i utlandet.
– For å få refundert toll og avgifter ved retur eller byte av varer kjøpt på nett, må du kunne dokumentere at vara er fortolla inn i Noreg og at ho er send i retur, opplyser Posten.