Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Dette er stortingsungdommane
I den kommande stortingsperioden vil det bli 17 representantar under 30 år. Den yngste representanten er berre 19 år gammal og Arbeidarpartiet får flest unge politikarar.
Snittalderen på dei som skal representere oss på Løvebakken dei neste fire åra er 45 år, men når det nye Stortinget tek til, er 17 representantar under 30 år. Det utgjer nesten ti prosent av dei 169 folkevalde.
Arbeidarpartiet har flest med seks representantar under 30 år, medan Framstegspartiet følgjer etter med fem.
Den aller yngste
Den aller yngste representanten er Frøya Skjold Sjursæther frå Miljøpartiet Dei Grøne, som er 19 år gammal og representerer Hordaland.
Etter valdistrikt er det Hordaland som får flest unge representantar med fire personar, følgt av Rogaland med tre. Oslo og Møre og Romsdal har to unge representantar, medan resten er spreidde utover landet.
Dette kan likevel endre seg. Til dømes kan ein ikkje sitte på Stortinget og i regjering samtidig i Noreg, som betyr at statsrådar og andre politiske medarbeidarar i regjeringa som er valde inn på Stortinget, får permisjon. Plassane deira blir då fylte opp av kandidatar lengre nede på vallista, noko som kan føre til at endå fleire under 30 år kjem inn. Det er òg usikre utjamningsmandat.
Førebelse liste over dei under 30:
Arbeidarpartiet
- Agnes Nærland Viljugrein, 28 år, Oslo
- Julia Eikeland, 25 år, Rogaland
- Benjamin Jacobsen, 29 år, Hordaland
- Hashim Abdi, 20 år, Østfold
- Åse Kristin Ask Bakke, 29 år, Møre og Romsdal
- Morten Sandanger, 28 år, Rogaland
Framstegspartiet
- Simen Velle, 24 år, Oslo
- Martin Virkesdal Jonsterhaug, 25 år, Hordaland
- Joakim Myklebost Tangen, 23 år, Møre og Romsdal
- Mats Henriksen, 27 år, Nord-Trøndelag
- Stig Even Søvik Lillestøl, 29 år, Sogn og Fjordane
Høgre
- Amalie Gunnufsen, 29 år, Vest-Agder
Kristeleg Folkeparti
- Jonas Andersen Sayed, 27 år, Rogaland
- Joel Ystebø, 23 år, Hordaland
- Christian Bredvei Gusland, 29 år, Vestfold
Miljøpartiet Dei Grøne
- Frøya Skjold Sjursæther, 19 år, Hordaland
Senterpartiet
- Maren Grøthe, 24 år, Sør-Trøndelag