nyhende
Foreldre ber om heimeskule resten av veka – i første omgang:
– Dette er ikkje tida for «vent og sjå»
Fleire foreldre til elevar på Sveio skule har kontakta Vestavind for å fremja at skulane bør vera stengde ut veka, spesielt med tanke på at elevane har vore heime i fem heile dagar. FAU oppmodar om det same. Det er to dagar igjen av skuleveka – og sju skuledagar igjen før det er påskeferie. Skular i nabokommunar er stengde.
I følgje Haugesunds Avis, er skulane i Haugesund, Tysvær og Karmøy stengde frå i dag.
Smittesituasjonen på Haugalandet er ute av kontroll. Haugesund, Tysvær og Karmøy er i full lockdown… Men skulen i Sveio består! Kvar er logikken? Kvifor kan ikkje Sveio vera litt føre var og stenge ned på lik linje som nabokommunane? Kan me ikkje berre ta eit felles løft, og slå ned denne smitta no – alle på ein gong?
Dette formidlar ei spørjande mor til Vestavind.
– Bør halda stengt
I følgje ein annan forelder til ein elev på Sveio skule, er det fleire som ikkje ønskjer å senda elevane sine på skulen denne veka, på bakgrunn av at elevane ikkje har vore på skulen sidan fredag.
– Skulen bør halda stengt dei to neste dagane også, så kan dei ta ei ny vurdering over helga. Raudt nivå vil seia at min ungdomsskuleelev skal éin dag på skulen denne veka. Er det verdt det? Dette er ikkje tida for «vent og sjå», seier ho.
Lurt å vera føre var
FAU-leiar ved Sveio skular, Kjartan Moe Hustvedt har følgjande uttale i samband med saka:
– Med bakgrunn i den eksplosive smittespreiinga på Haugalandet dei siste dagane, er mange foreldre svært bekymra for å senda barna sine på skulen. Fleire elevar og tilsette pendlar mellom kommunane, og FAU ved Sveio skule meiner det no vil vera lurt å vera føre var. Det blir meldt om smittetilfeller blant barn i alle aldrar, og Haugesund, Karmøy og Tysvær har alle stengt skulane. Me er sju skuledagar frå påskeferie. Både lærarar og elevar viste i førre omgang at dei meistrar fjernundervisning og dei er endå betre rusta i denne omgangen. FAU ved Sveio skule håpar at Sveio kommune vel å stenga skular og SFO fram til påske.
Klar for raudt nivå
Rektor på Sveio skule, Ben Jerry F. Ellingsen har høyrt at nokon foreldre vil halda ungane heime frå skulen. Han har ikkje mynde til å bestemma at det skal vera heimeskule.
– Eg må forholda meg til det som blir bestemt frå kommunen. Det er det som retningsgivande for meg, seier rektoren. Dei tilsette bruker dagen i dag for å planleggja etter smitterettleiaren for raudt nivå, med oppstart i morgon.
Vestavind har retta spørsmål til kriseleiinga i Sveio kommune.
Ønskjer du å uttala deg? Ta kontakt med Irene i Vestavind.