nyhende

Kristin Robberstad elskar loppe- og bruktmarknader. Snart arrangerer ho det ho kallar ei skattejakt på Bua. FOTO: SVEIN LOKNA VOLD
Kristin Robberstad elskar loppe- og bruktmarknader. Snart arrangerer ho det ho kallar ei skattejakt på Bua.

— Dette er ei skattejakt

Siste dagen i april kan du selja og kjøpa brukte ting i skulehuset på Bua. — Ein kjempefin måte å rydda opp i heimen på, seier Kristin Robberstad.

Publisert Sist oppdatert

Ho er initiativtakaren til den føreståande loppemarknaden på Bua og fortel at ho er ein topptilhengjar av loppe- og bruktmarknader.

I vinter tok ho ei opprydding i boden sin. Då slo tanken henne: Å få til ein loppemarknad, det vil seia ei «skattejakt», i bygda.

— Dei fleste har sannsynlegvis mange skattar liggjande i heimen sin, ting dei ikkje bruker, og som andre kan ha glede av. Kvifor ikkje selja det vidare? Det er òg ein fin måte å få rydda opp i heimen på, seier Robberstad.

Difor legg ho til rette for loppemarknad i skulehuset på Bua den siste dagen i april, i samarbeid med kvinne- og familielaget og Marij Christina De Winter, som er ansvarleg for booking av bord.

Ei skattejakt skal finna stad i skulehuset på Bua siste dag i april.

Danning av verdiar

Ungar har ofte mange leiker, og etter kvart som borna vert større, hamnar leikene i øskjer stabla oppå kvarandre. Der vert dei ofte liggjande og samla støv.

Òg bøker hopar seg raskt opp. Robberstad meiner difor at loppemarknaden er ein ypparleg mogleik for ungane til å rydda opp i sakene sine.

— Det er ein kjempefin lærdom for born å kunna sjå verdien i å kjøpa brukt.

Til bruktmarknaden på Bua tek Kristin Robberstad med seg ting ho ikkje har bruk for, men som andre kanskje kan ha glede av.

Ei skattejakt

Marknaden er for alle som ynskjer å kvitta seg med diverse, og for dei som er på utkik etter brukte, men funksjonelle varer.

Ein kan òg leggja ting ein har laga sjølv ut for sal, og ein avgjer sjølv prisen på salsobjekta. Får ein ikkje selt dei, tek ein dei med seg heim att, men Robberstad trur og vonar at mange ting vil skifta eigar i laupet av dei tre timane skattejakta pågår.

Og hendinga fekk ikkje nemninga «skattejakt» utan grunn:

— Dei fleste lagrar ting dei ikkje treng, men kanskje kan naboen få bruk for dei? Denne loppemarknaden er ei skattejakt, der ein kan finna små og store gleder, seier Robberstad.

Sist, men ikkje minst, ser ho på bruktmarknaden som eit godt tiltak i forvaltinga av både lommeboka og miljøet.

— Dette er økonomisk og miljøvenleg!

Powered by Labrador CMS