nyhende

Sveio Golfpark
Heile elleve løyper kan ein registrera på appen TellTur i Sveio. Løypa ved golfparken er den femte mest brukte.

Dette er den mest populære turløypa

På appen TellTur kan ein registrera kor ein har gått tur. I Sveio kommune har folk gått fleire tusen turar i løpet av året. Øvst på lista er dei mest kjende stadane, men i år er det også kome fire nye.

Publisert Sist oppdatert

Friluftsråda ynskjer at folk skal bevega seg utandørs, og dei har samstundes gjort sitt for at teknologien skal halda følgja. Med appen «TellTur» kan ein registrera kvar, når og med kven ein har gått tur.

Fleire tusen turar

I Sveio har ein ikkje lege på latsida.

– Dei 11 utvalde turmåla våre vart besøkt til saman 6.439 gonger, seier leiar for samfunnsutvikling i Sveio kommune, Bente Marie Johansen.

TellTur i Sveio er eit samarbeid mellom friluftsrådet Vest og Sveio kommune. Måten det fungerer på er at ein vel ein tur i appen, går den, og så registrerer seg. For kvar forskjellig løype får ein eit poeng, og det synest at mange er ivrig å nytta appen i kommunen.

– Turane er gått av 1.290 ulike turgåarar, seier Johansen.

Fire nye løyper i år

Det mest populære i 2023 var Rex Garden. Det hadde 1.037 «innsjekkingar» av besøkjande. På andreplass kom Ryvarden med 1.003 «innsjekkingar».

I 2023 var det også kome heile fire nye turløyper, Mølstrevåg, Kvernavatnet, Gullstien og Børshovda. Slik ser lista over TellTur-løyper ut:

  • Mølstrevåg (ny)
  • Kvernavatnet (ny)
  • Gullstien (ny)
  • Børshovda (ny)
  • Golfparken
  • Rex Garden
  • Ryvarden
  • Emberlandsnipen
  • Dreng
  • Trollavassnipen
  • Nipaståvo

Vinnarar

Johansen fortel at den høge deltakinga gjer TellTur til eit folkehelsetiltak. Forutan eigen premiering i appen, så har Sveio kommune også trekt ut vinnarar frå dei som har gått tur i kommunen. Av dei som gjekk alle dei 11 turane var det 69 personar, og ein av desse vart trekt ut til premie.

– Gratulerer til Andreas Kvale, seier Johansen.

Han får ei gåve i sølv. Også to andre deltakarar, Torgeir Nesse og Anette Askeland, vart trekte ut til premiar frå kommunen.

Powered by Labrador CMS