nyhende

Kjenneteiknet på raudstilken er raudt nebb og raude bein. Foto: Frode Falkenberg / Birdlife Norge
Kjenneteiknet på raudstilken er raudt nebb og raude bein.

Dette er årets fugl

Publisert Sist oppdatert
NPK: Vadefuglen raudstilk skal få ekstra merksemd i 2022. Det har Birdlife Norge bestemt.

Kvart år vel organisasjonen, som tidlegare heitte Norsk ornitologisk forening, ut ein fugl som dei skal informere ekstra om og oppfordre lokale foreiningar til å drive teljing av. I fjor var det gulsporven, medan det i år altså er raudstilken.

Ifølgje Store norske leksikon er raudstilken på storleik med ein heilo og finst over heile landet. Han er spraglete i mørkebrunt og kvitt, har raudt nebb og lange, eldraude bein.

Raudstilken er ein langdistansetrekkfugl, som hekkar i våtmarksområde frå april til juni.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS