nyhende
Her er dei nye kostråda:
Dette bør vi ete – og drikke
Dei nye norske kostråda er utvida frå seks til sju enkle råd. Dei inkluderer ikkje eit eige råd om alkoholinntak, men eit eige råd om å velje vatn som drikke.
Helserådet kom i vår med seks råd i forslaga til «Kostråd for god helse og gode liv». No har dei teke til etterretning alle innspela om å ha eit eige råd om drikke og gjer det enkelt: «Drikk vann!».
Alkohol er først nemnd i retningslinjene med utdjupingar og faglege grunngivingar. I mengdetilrådinga står det «Drikk minst mulig alkohol for helsens skyld».
Elles er formuleringa av forslaga til kostråd noko justert etter høyringa. Mellom anna er råda omskrivne til å vere matvarebaserte og ikkje basert på næringsmiddel.
–Vi har hatt kostråda på grundig høyring og gjort stort innsiktsarbeid for å sikre at råda er tydelege og forståelege. Vi håpar dei nye råda er enklare å forstå og meir motiverande enn dei gamle var, seier Linda Granlund, divisjonsdirektør i Helsedirektoratet, som la fram råda under Arendalsveka.
Et mest frå planteriket
Det første rådet er dette: Ha eit variert kosthald, vel mest mat frå planteriket,og et med glede.
I råd nummer to blir det understreka at frukt, bær eller grønsaker bør vere ein del av alle måltid. Det blir vidare rådd til å ete grovt brødellerandre fullkornsprodukt til fleiremåltid kvar dag.
I det fjerde rådet blir proteinkjeldene tekne opp, eitt av punkta som har vore mykje diskutert.
Folk blir oppmoda til å oftare velje fisk og sjømat, bønner og linser enn raudt kjøtt og å ete minst mogleg foredla kjøtt. Den omdiskuterte mengdetilrådinga på maksimalt 350 gram kjøtt per veke, står fast.
– Mengda gjeld eteklare produkt. Dette svarer til inntil to middagar i veka og noko pålegg, heiter det i utdjupinga.
Avgrens snop og kaker
Formålet er å gjere råda enkle å forstå, enkle å hugse og lettare å følgje.
Råd nummer seks var i utgangspunktet «Mat og drikke med mye salt, sukkerellermettet fett bør begrenses». Her har Helsedirektoratet høyrt på innspela, og rådet lyder no «Godteri, snacks og søte bakervarer bør begrenses».
I utdjupinga av rådet blir det påpeika at «i et variert og sunt kosthold er det rom for disse matvarene av og til og i små mengder.»
– Ved å ete variert og få i seg matvarer som frukt og grønsaker, grove kornprodukt, meieriprodukt og fisk til kvardags, er mykje gjort. Då er det også plass til nokre utskeiingar innimellom, seier Granlund.
Mange innspel
Alkohol og råd om alkoholinntak var mykje diskutert etter lanseringa av dei nordiske kostråda (NNR2023) i fjor. Dei nordiske tilrådingane inkluderte alkohol. Kortforma av dei endelege norske kostråda gjer det ikkje.
Då forslaga til kostråd var på høyring i vår, etterlyste kommunar, forskingsmiljø og helsestyresmakter råd om alkohol.
– Råd om alkohol kan inkluderast i det siste rådet, til dømes på denne måten: Hovudrådet: «Mat og drikke med mye salt, sukker, mettet fett eller alkohol bør begrenses», foreslo Folkehelseinstituttet.
– Veldig lite konkret
– Vi er skuffa over korleis alkohol blir omtalt. Rådet om alkoholbruk er veldig lite konkret, og alkohol blir vigd lite plass. Her har styresmaktene gått glipp av eit unikt høve til å løfte kunnskapen i befolkninga om korleis alkohol faktisk påverkar helsa vår. Helsedirektoratet har uttalt at dei jobbar med eigne alkoholråd, og dei kan ikkje komme fort nok, seier Ragnhild Kaski, generalsekretær i alkovitorganisasjonen Av-og-til.