nyhende
Dette blir Noregs fjerde lengste tunnel
29. september blei ein merkedag for E134 Røldal-Seljestad. No har drivinga av den 12,4 km lange eitløps-tunnelen starta.
Ordførar i Ullensvang, Roald Aga Haug, fekk æra av å trykka på utløysarknappen som markerte starten for drivinga av den nye Røldalstunnelen.
Vegprosjektet skal gjera fjellovergangen E134 til ein meir føreseieleg reiseveg året rundt, og fjernar også 1.000 høgdemeter på strekninga.
Driving frå begge sider
– I dag kan me endeleg feira at me er eit steg nærmare å gjera fjellovergangen E134 til ein tryggare transportåre mellom aust og vest, seier utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik.
Når påhogget er klart i slutten av oktober startar entreprenøren også driving frå austsida ved Vetlehovden på Liamyrane, slik at tunnelarbeidet skjer frå begge ender, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.
Endringar i vegnettet
– Utover hausten blir det viktig å finna ein god rytme i tunnelarbeidet. Boring, sprenging, sikring og utlasting må gå saumlaust for å sikre effektiv drift, forklarar prosjektleiar Frode Lykkebø.
Hausten fører også med seg endringar i vegnettet ved Liamyrane. Allereie før jul blir det vegopning med permanent omlegging av trafikken til det som i framtida skal bli Riksveg 13. Omlegginga vil sikre god trafikkflyt, også når dumparane fraktar stein ut frå fjellet.