nyhende

Flyttar inn i desember:

Dette blir den største private arbeidsplassen i Sveio

Den siste tida har dagleg leiar i T. Halleland as, hatt ei litt sprikande rolle – han skal så og seia leggja ned seg sjølv, samstundes som han skal «sy» alt det nye i hop. – Dei siste månadane har vore tøffe, eg ser verkeleg fram til å få alle brikkane på plass, kommenterer Torleiv Halleland.

Publisert Sist oppdatert

T. Halleland AS og Birkeland Maskinentreprenør AS blir eitt selskap etter nyttår, og blir dermed Sveio sin største privateigde arbeidsplass med rundt 90 tilsette etter sammenslåinga.

Prosessen starta for halvanna år sidan. Då kjøpte Stangeland Gruppen 50 prosent av drift og eigedomsselskapet T. Halleland as. I mai 2020 blei også 50 prosent av Birkeland Maskinentreprenør AS ein del av Stangeland-konsernet.

– Dermed blei det ein litt spesiell situasjon der me var to selskap som var deleigd av same konsern. Me hadde valet mellom å slå oss saman eller konkurrera mot kvarandre, fortel Torleiv Halleland.

Etter ein tenkepause selde han resten av sine 50 prosent til Stangeland, og slo seg saman med Birkeland, med det formål at dei to selskapa kunne utnytta kvarandre sine kvalitetar.

Alt samla på Ekrene

Sveio-gründaren legg ikkje skjul på at han er svært godt nøgd med at Birkeland var villige til å flytta til Ekrene næringspark.

– Me er for tida i sluttfasen av ei omfattande ombygging for å dobla kontorkapasiteten. Med Birkeland-gjengen blir me rundt 15-17 personar på kontordelen, fordelt på økonomi og administrasjon, og drift- og landmålaravdeling. 22. desember skal alt vera klart til å ta imot dei, fortel Halleland.

Den fire mål store næringstomta han kjøpte i 2009, er no utvida til heile 17 mål. Ein framtidsretta tumleplass for engasjerte folk og store maskinar.

I planane ligg å byggja eit 1250 stort framtidsretta lagerbygg. Halleland har sjølv skissert opp og teikna funksjonane kva det skal innehalda. Det eksisterande kontorbygget er på 800 kvadrat,

30 år i bransjen

24. mars 1986 kjøpte han sin første gravemaskin. Det var på hobbybasis. 18. mai 1998 tilsette han ein mann. Deretter har det gått slag i slag. Torleiv Halleland grunnla selskapet i 2002, og har per i dag 37 tilsette.

– Det blir ei omvelting for meg, det kan bli litt skummelt etter å ha drive for meg sjølv i snart 30 år. Men eigentleg syt eg ikkje med det når eg har så gode folk på laget, seier 61-åringen optimistisk.

Powered by Labrador CMS