Kommunikasjons- og digitaliseringssjef i Møllerens Vidar Haugsdal fortel til Nationen at det var naturleg for selskapet å innleie eit samarbeid med forfattar Gunnar Staalesen og illustratør Arild Midthun når sjansen baud seg.
– Det at produkta heiter sikta kveitemjøl, sikta rugmjøl og så vidare, har vi hatt mykje gøy med opp gjennom åra. Det har faktisk vore fleire forbrukarar som har peika på at vi har «sikta» mjølet, og det same med «reint mjøl i posen», seier Haugsdal.
I mysteriet «Gullskillingsbollen» er Ulf Ulheim på eit bakemeisterskap der den unike bollen, som sette standard for alle skillingsbollar, forsvinn.
Etter ti år på mjølkekartongane er forfattar Gunnar Staalesen fornøgd med at påskemysteriet kan halde fram på mjølposane:
– I dei fleste butikkane er det ikkje lange stykket frå mjølk til bakarvarer. Difor var vi glade for invitasjonen vi fekk frå Møllerens. Sidan Møllerens sjølv bestemte å legge mysteria til pakkene for sikta mjøl, var det lett å leike seg vidare med både ordspel og eit mysterium som har ei naturleg tilknyting til bakarmiljøet, som vi dessutan har svært lange tradisjonar for i vår felles barndomsby, Bergen, seier Staalesen.