nyhende
– Det ville sett Sveio på kartet
Kva var den viktigaste politiske saka i Sveio i år, og kva vil dei prioritera i 2026? Me har spurt politikarar frå kvart parti. I dag: Jan Øyvind Gravdal, uavhengig.
– Felles helsehus.
– Kva var den viktigaste saka for deg i 2025?– Kva lokalpolitisk sak blir den viktigaste for deg i 2026?
– Fortgang i arbeidet med nytt helsehus i Sveio, men òg fokus på å få framdrift i prosessen med å leggja til rette for at Fjord Motorpark kan lykkast med å etablera eit fleirbruks motorsenter i kommunen. Som mangeårig styreleiar og far til tre gutar med interesse for motorsport ved eit mindre motorsenter nord i Haugesund, ser eg tydeleg at nytten for barn, ungdom og vaksne er langt større enn eventuelle ulemper.
– Eg trur eit slikt motorsenter i Sveio ville gitt kommunen ein etterlengta boost i form av fleire aktive barn og ungdom som ikkje nødvendigvis passar inn i lagidrett. Det ville sett Sveio på kartet, og ein ville merka auka tilstrøyming av folk – både innflyttarar og tilreisande – slik vi ser i Haugesund, Sokndal, Rudskogen, Våler og andre stader der motorsenter er etablerte. Folka bak Fjord Motorpark er seriøse og har mykje kunnskap og erfaring, og ein bør lytta til dei.
– Kven er statsminister hausten 2026, og kvifor?
– Jonas Gahr Støre. Det er vist betre å svelgja kamelar, men eg hadde personleg håpa på Listhaug. Ho kallar ein spade for ein spade og er ei jordnær og stødig kvinne med god politikk.
– Har du eit personeleg mål for 2026? Kva og kvifor?
– Å stressa litt meir ned og bli litt meir fysisk aktiv. Det har vel aldri skada nokon.