nyhende

Silje Kvalvågnes er vekas Hei, sveibu.
Silje Kvalvågnes er vekas Hei, sveibu.

– Det var skikkeleg gøy då alarmen peip første gongen

Vekas sveibu er både lærar og utrykkingsleiar.

Publisert Sist oppdatert

Hei, sveibu!

Namn: Silje Kvalvågnes

Alder: 36

Bustad: Sveio

– Eg jobbar som lærar på Vikse skule og er utrykkingsleiar i Haugaland brann og redning.

– Kva gjer du til dagleg?

– Kva er det beste med å vera sveibu?
– At me har alt me treng, og at her er det både litt landleg og samtidig sentralt. Sjølvsagt også at me har mykje flott natur.

– Er det noko du saknar i Sveio?
– Eg saknar ein større idrettshall til barn og unge.

– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Det må vera då eg blei tilsett i Sveio brannvesen, og første dag på jobb der. Det var skikkeleg gøy då alarmen peip første gongen.

– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
– Det er kanske mange. Men spesielt vil eg framsnakka alle dei vaksne som jobbar med barn og ungdom. Dei gjer ein fantastisk innsats kvar einaste dag, og kan ikkje få nok takk for det.

Powered by Labrador CMS