nyhende

Kraftig snøfall laurdag har skapt utfordringar for entreprenørane.ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Kraftig snøfall laurdag har skapt utfordringar for entreprenørane.

Det skal kome meir snø

Publisert Sist oppdatert

Dei som brøytar vegane på Haugalandet har rattet fult laurdag.

— Det er tidvis kraftige snøbye i store delar av Rogaland og Vestland i dag. Dette gjeld frå Sveio i nord og heilt sør til Eigersund. Entreprenørane har alt mannskap ute og gjer tiltak, men det kan gå tid før dei når over alle stadar, skriv Vegtrafikksentralen på Twitter.

Dei oppmodar alle til å ta det med ro i trafikken.

— Senk farten, vis omysn og køyr etter forholdar, skriv dei.

Ifølgje yr.no vil det vere lengre periodar med opphald utover laurdag ettermiddag, men det vil kome meir nedbør – truleg i form av snø i Sveio-traktane sundag ettermiddag.

Powered by Labrador CMS