nyhende
Det norske hytteparadokset
Nordmenn er glade i hyttene sine, og dei er viktige for livskvaliteten. Rundt halvparten av oss har tilgang på ei hytte, og det er unikt i europeisk samanheng. Samstundes meiner åtte av ti at hyttebygging påverkar naturen og miljøet negativt.
Dette kjem fram i ei undersøking Ipsos har gjort for Norsk Friluftsliv, som er fellesorganisasjonen for dei 19 store friluftslivsorganisasjonane, med éin million medlemskap og nær 5000 lag og foreiningar.
I undersøkinga dukkar det opp fleire interessante ting. 60 prosent av dei over 60 år meiner det blir gitt løyve til for mykje hyttebygging, medan berre 36 prosent av dei mellom 18 og 29 år meiner det same. I alt meiner 49 prosent av oss at vi tillét for mykje hyttebygging i norsk natur.
Det er eit faktum at det er flest hytteeigarar blant den eldre garde, medan det blant dei i gruppa 18–29 år nok er langt færre som har eiga hytte. Mange av desse kan truleg tenkje seg ei hytte ein gong i framtida.
– Mange paradoks
– Kan det kanskje tolkast som at ein del hytteeigarar gjerne vil trekkje opp stigen etter seg?
– Det er mange paradoks når det gjeld det norske hyttelivet, seier Tom Bratrud, førsteamanuensis i sosialantropologi ved Universitetet i Bergen. Forskinga hans viser blant anna at ei av gruppene som kjempar hardast mot hyttebygging i eit område, er dei som alt har hytte der frå før.
– Dette er hytteeigarar som kanskje sjølve har vinterbrøyta veg, straum, vatn og breiband. Dei nyt sjølve goda av at det er gjort naturinngrep og har alle fasilitetar i hyttefeltet sitt. Men så vil dei altså ikkje at andre skal få same moglegheita til å få desse goda. Argumentet er ofte at fleire hytter vil gå ut over naturen i området, seier Bratrud til Nynorsk pressekontor.
Det er fleire paradoks. Det er ingen tvil om at utbygging av hyttefelt er med på å fortrengje den urøyvde naturen, men samstundes kjem vi likevel nærare naturen når vi oppheld oss på hytta. Og det igjen betyr mykje for folkehelsa. Alle undersøkingar viser at friluftsliv er med på å gjere oss sunnare både fysisk og mentalt.
Godt for psyken
I undersøkinga til Norsk Friluftsliv kjem det fram at 84 prosent av dei spurde svarar at det å vere ute i naturen har positiv effekt på eiga psykisk helse. Likevel viser det seg at langt færre oppsøkjer naturen i periodar der livet buttar i mot.
Sosialantropolog Tom Bratrud trur årsaka til at så mange nordmenn har eit nært forhold til hytta si, er at dei fleste, også dei som bur i større byar, har erfaring frå å feriere i landlege omgivnader ved sjøen eller på fjellet. Nokre kjem sjølve frå landsbygda eller har foreldre eller besteforeldre som kjem derifrå, og mange har gode assosiasjonar til opphald i rurale område.
– Nordmenn brukar hytta som ein stad der ein samlar familien. Eit slags sosialt forankringspunkt, der det å vere nær naturen er ein kulturelle verdi. Det å oppnå eit avbrekk frå eit stressande kvardagsliv, der ein kan finne ro og fred. Det kan ein gjere ved å samlast til gode måltid, kløyve ved, gå på skitur eller berre ved å sitje i ro og lese, seier han.
Nærleik til naturen
Kjensla av å vere nær naturen blir ikkje borte sjølv om stadig fleire fritidsbustader ligg i urbane hyttefelt, der standarden ofte er minst like god som i primærbustaden.
– Det er to leirar her. Vi har dei som ønskjer å kome litt bort frå folk og røre, og vere tettare på roa i naturen, gjerne i ei enkel hytte. Så er det dei som likar å vere nær tilrettelagde aktivitetar, som ein skiheis eller restaurantar, og som ikkje er så opptekne av om hytta ligg for seg sjølv eller ikkje. Mange kjøper hytter nær vener og familie, slik at dei får bruke mest mogleg tid saman, fortel forskaren.
Han meiner at hyttebruken til nordmen er i ein særposisjon i Norden. I til dømes Sverige og Danmark har ikkje like mange romantiske kjensler knytte til grisgrendte strøk. Der har det ikkje vore satsa like mykje på utbygging av infrastruktur i rurale område som her i landet. Urbaniseringa har vore sterkare i nabolanda, meiner Bratrud.
– Vi i Noreg har bygd ut mykje meir vegar til fjellet. Og det er mobildekning og breiband, slik at det er lett å bruke hytta som heimekontor. Mykje er lagt til rette for at nordmenn kan ha eit aktivt hytteliv, seier han.
Livskvalitet og berekraft
Ifølgje Statistisk sentralbyrå er det i dag vel 450.000 hytter og fritidsbustader er i landet, og det er sett av areal til langt fleire. I 2024 hadde kommunane sett av 1.682 kvadratkilometer til hyttebygging, som svarar til 80 prosent av landarealet til Vestfold fylke. Førebels er berre rundt 20 prosent av desse areala bygde ut. Det viser at det er eit stort potensial for vidare hyttebygging, og dermed også for nedbygging av naturen.
Bente Lier er generalsekretær i Norsk Friluftsliv. Ho meiner den norske hyttetradisjonen er viktig for livskvaliteten til innbyggjarane, men at det i ein del område er så stort press på naturen, at dei ikkje toler meir utbygging.
– Vi jobbar for å styrkje friluftslivet, men vi må også tenkje berekraft. Vårt råd er at fleire må dele hyttene sine med andre. Anten ved å låne ut til vener og familie, eller å leige ut. For mange hytter står tomme i lange periodar, seier ho til Nynorsk pressekontor.
Generalsekretæren trur det kan vere ei løysing å ha soner der ein tillét hyttebygging, medan det i andre område ikkje bør opnast for slikt.
– Men det er ikkje slik at folk ikkje skal få byggje seg hytte. Det vil vere som å trekkje opp stigen etter seg, og det skal vi ikkje, men det er heilt naudsynt å arbeider for berekraft, slår Bente Lier fast.