nyhende

Kontoret til Vestavind vil som vanleg vera stengt i veke 28 og 29. Foto: Susanne Lie Vallestad
Kontoret til Vestavind vil som vanleg vera stengt i veke 28 og 29.

Det nærmar seg ferie og papiravisfrie veker

Som vanleg held Vestavind heilt stengt i veke 28 og 29 i samband med ferieavvikling. Siste papiravis før sommarferien kjem ut 26. juni. Som i fjor blir det også fire avisfrie veker, men nye saker på nettavisa.

Publisert Sist oppdatert

Vil du senda helsingar i papiravisa til nokon som har bursdag mellom 26. juni og 30. juli, må helsingar til papiravisa 26. juni vera oss i hende innan tysdag 24. juni klokka 12.00.

Fire avisfrie veker, men på nett

Det er framleis mogeleg å senda helsingar på nett, og dei vil bli lagt ut når me har høve til det. Desse helsingane vil også koma med i første papiravis etter sommarferien 31. juli.

Dei papiravisfrie vekene 27, 28, 29 og 30 (30. juni – 27. juli) vil nettavisa bli oppdatert.

I veke 27 er Einar Vestvik på jobb på kontoret, og Morten Vågset Møller er tilbake etter ferie frå veke 30.

Treng du hjelp til pålogging?

Har du komplett abonnement har du i tillegg til papiravisa tilgang til nettavisa.

Om du er usikker på brukarnamn og passord, send ein e-post til post@vestavind-sveio.no, eller ta kontakt med Susanne Lie Vallestad på mobil 930 51 563. Gjer det gjerne så snart som mogeleg, og seinast innan 27. juni. Då går Susanne på ferie i fire veker.

Powered by Labrador CMS