nyhende

Utsikt frå Vestavind sitt kontor torsdag. Sveiogata går på tvers, og Steinhaugvegen rett fram.
Utsikt frå Vestavind sitt kontor torsdag. Sveiogata går på tvers, og Steinhaugvegen rett fram.

Det kom godt med nedbør midt i veka

Publisert Sist oppdatert

Onsdagen, torsdag natt og tidleg morgon blei utan tvil våt, vindfull, kald og litt kvit. Det var varsla store nedbørsmengder på førehand, det viste igjen på nedbørsmålaren som står på Straumøy nord i Sveio. Då Leif Grutle torsdag gjekk ut for å sjå resultatet, målte han av 45,8 mm. nedbør som hadde samla seg frå onsdag morgon til torsdag morgon.

Samanliknar ein nebørsmengdene for heile året, er dette døgnet det tredje våtaste i år. Morgonen 10. februar blei det målt 50,4 mm. som ein rekord for dette året til no.

Kjelde: Norsk Klimaservicesenter

Denne veka er det registrert nedbør kvar dag på Straumøy.
Powered by Labrador CMS