nyhende
Det kan vere ekstra belastande å vere brannmann på bygda
Ny forsking viser at brannvesenet i Noreg opplever mange av dei same stressfaktorane i arbeidet, men for dei som jobbar i distrikta, kan det opplevast ekstra tungt.
– Det unike for brannkonstablar i rurale område og mindre kommunar er at dei ofte kjenner dei som er involverte i ei hending eller dei pårørande. Når det er små forhold, er det større sjanse for at du blir påmint hendingar som har vore krevjande, seier stipendiat ved Universitetet i Innlandet, Marthe Maritsdatter Granlund, i ei pressemelding.
Granlund har intervjua ei rekkje brannfolk over heile Innlandet for å finne ut om det er skilnad på stresset dei opplever samanlikna med brannmannskap i større byar.
I forskinga si avdekte Granlund at dei store avstandane i mange av kommunane ute i distriktet påverkar stressopplevinga for brannmannskapa.
– Store avstandar kan vere ein fordel fordi du får tid til å førebu deg mentalt på det du skal møte. Men vi ser òg at dette kan vere ein stressfaktor fordi ein så gjerne vil fram og hjelpe til raskast mogleg, seier stipendiaten.
I tillegg er jobbane i brannvesenet på bygda ofte deltid, og fleirtalet av brannmannskapa der har full jobb ved sida av.
– Det å «leve med beredskap» kan bli ein ekstra stressfaktor, fordi ein heile tida må vente at noko kan skje. Somme taklar det godt, men for andre kan det diktere korleis ein lever livet sitt, seier Granlund.
I ei fersk stortingsmelding står det at brannvesenet er den mest desentraliserte naudetaten i Noreg. Tanken er at det skal vere ein ressurs for lokalsamfunna med kort responstid. Men dette kan også auke stresset for brannvesenet, då dei ofte også må gjere helse- og politioppgåver, sidan dei er først på staden.
– Det er eit paradoks at dei første på staden er dei som har kortast utdanning i naudetatane. Det handlar ikkje om at dei ikkje vil hjelpe til, men at dei kanskje ikkje har riktig kompetanse, utdanning eller utstyr. Samstundes er det ei forventning om at dei skal hjelpe til, forklarar ho.