nyhende
— Det har gjeve meg ein tryggleik og tru på at det meste ordnar seg
Odd-Kjetil Kvalvågnes er gjest i spalta «—Hei, sveibu» denne veka.
— Kva gjer du til dagleg?
— Eg jobbar i Equinor som produksjonsleiar på Statfjord A-plattforma. Når eg ikkje er i Nordsjøen så er det mykje ski og skikøyring på vinteren, og båt, mc og fjellturar på sommaren. Det går også ein del tid på å følgje opp barna på fritidsaktivitetar.
— Kva er det beste med å vere sveibu?
— Det må vere tryggleiken med å vekse opp på ein liten stad kor dei fleste kjende kvarandre og tok vare på kvarandre. Det har gjeve meg ein tryggleik og tru på at det meste ordnar seg. Det er alltid godt å kome til Sveio kor eg har ein stooor familie og mange gode vener.
— Er det noko du saknar i Sveio?
— Nei.
— Kva er ditt beste Sveio-minne?
— Det er mange gode minne frå Sveio med fotball, volleyball, båtliv og meir. Felles for minna er at dei er saman med gode vener. Skal eg trekkje fram eitt, så er det båtkjøring og vannsport i Vigdarvatnet.
— Kven i Sveio vil du framsnakke, og kvifor?
— Det må jo vere mine fantastiske foreldre. Bautaer i livet mitt som alltid stiller opp med køyring, barnepass, oppussing og det som ein treng hjelp til. Det å køyre frå Sveio til Sirdal for å køyre sonen min på fotballtrening når eg er offshore, det er til døme ei sjølvfølgje. «Me kjem, når byrjar treninga?». Dei har også gjeve meg mange gode verdiar som viktigheita om å ha noko å sjå fram til i livet, men også å sjå dei små gledene i kvardagen. Det åstille opp, seie ja viss ein kan, hardt arbeid lønner seg, og det å setje pris på at ein er frisk og rask. Så, ja, Simon og Ingebjørg – eg diggar dykk!