nyhende
Det har aldri før vorte felt så mange hjort i Sveio
Under hjortejakta i 2021 blei det felt 195 hjort i Sveio. Det er ny rekord. Og hjortestamma i kommunen er framleis veksande, melder rådgjevar i Sveio kommune, Dagfinn Fagerland Bjørge.
I løpet av fjorårets jaktsesong blei det felt 78 rådyr. I enkelte jaktvald blei det observert færre rådyr enn tidlegare.
Hjortane som blei felte i fjor, fordeler seg på 21 hannkalvar, 25 hokalvar, 50 spissbukkar, 25 ungkoller, 39 eldre bukkar og 35 eldre koller. Samla blei det tatt ut fleire vaksne hanndyr og færre hodyr enn målsetjinga.
For kalvar er jaktresultatet innanfor målsetjinga for begge kjønn. For 2022 blir målet å ta ut fleire eldre hodyr for å avgrensa veksten i hjortestamma, fortel Bjørge. I 2021 var målsetjinga eit uttak på 50 prosent, og slik kan det også bli i område med tett bestand i 2022.
Dei felte rådyra fordeler seg på ein kalv, 57 vaksne bukkar og 20 geiter.