nyhende
Mellom skuletimane får 5.-klasse på Sveio skule springa, leika og svinga seg i dansen:
— Det gjer at me får ut energien
Kristina Våge Ballard, som er miljøterapeut på Sveio skule, har i to veker jobba med finna ut korleis fysisk aktivitet kan få ein større plass i skulekvardagen til elevane. — Frå forsking veit me kor mykje fysisk aktivitet tilfører elevane når det gjeld konsentrasjon og minne, seier ho.
Ifølgje miljøterapeuten konsentrerer ein femteklassing seg i berre 11 minutt om gongen.
— Med undervisningsøkter på 90 minutt vil elevane ha trong for regelmessige avbrekk, understrekar Ballard, som snart er ferdig utdanna lærar.
I samband med studiet har ho dei to siste vekene halde på med eit forskings- og utviklingsarbeid i 5.-trinnet på Sveio skule. Ho har difor arrangert diverse aktivitetar for elevane, som til dømes hip-hop-dans, «spenn på boks», morgonsprint og andre sosiale fellesleikar.
Populært: — Me får ut energien
Elevane synest aktivitetsprosjektet har vore kjekt, og dei kan sjølv skriva under på at dei har prestert noko betre dei siste par vekene enn det dei gjorde før prosjektet starta.
— Eg synest springinga er det kjekkaste, seier Mikal Møller Lindeland Hovda med god støtte frå Adrian Haraldsen Johannessen.
— Eg synest dette er gøy, for då slepp me å sitja inne heile tida, seier Adrian.
Klassekameratane hans seier seg samde.
— Det gjer at me sit mindre inne, og så er det òg veldig sosialt, seier Jone Halleland.
Han opplever at mykje stillesitting hindrar han i få utlaup for energien han rugar på.
— Når me sit lenge inne, sperrar me energien inne. Det er godt å koma seg ut i frisk luft, held Jone fram.
Leander Vestvik Lokna ved sida av tykkjer òg aktivitetsprosjektet har hatt ein positiv effekt på skulekvardagen.
— Det gjer at eg får ut energien eg sit på, seier han.
Sjølv presiserer Ballard at aktivitetsprosjektet er minst like viktig for den sosiale fellesskapen som for folkehelsa og konsentrasjonen.
—Eg ynskjer å synleggjera at fysisk aktivitet er essensielt og effektivt for læringa, men òg sosialt og positivt for klassemiljøet.
— Vil få igjen for det
Eitt av dei mange måla med prosjektet til Ballard har vore å auka aktivitetsmengda med 45 minutt eller meir i laupet av ei skuleveke.
— Med alderen vert born og ungdomar meir inaktive og stillesitjande. Difor prøver eg å leggja til rette for korte økter med fysisk aktivitet mellom undervisningstimane, slik at ungane ikkje vert urolege og rastlause i klasserommet, seier Ballard.
Vidare fortel ho at avbrekka mellom undervisningsøktene stort sett har lege på alt frå fem til ti minutt. Ho meiner ein undervisningsbolk på 90 minutt, med aktive avbrekk integrerte, vil gjeva elevane eit større fagleg utbyte enn ein 90 minutt lang undervisningsbolk utan aktive pausar.
—Eg trur ikkje ein treng å vera redd for å missa nokre minutt av undervisninga. Ved å vera fysisk aktiv både hugsar og lærer ein betre, så ein vil absolutt få igjen for å leggja inn korte aktivitetsøkter i undervisninga, påpeikar Ballard.
Ifølgje Ballard har fleire av foreldra til femteklassingane meldt ifrå om energiske og sprudlande ungar som gleder seg til skulen.
Ballard er ikkje i tvil om at ho sjølv kjem til å nytta fysisk aktivitet som pedagogisk verktøy i den framtidige lærarkarrieren sin.