nyhende
Det går mot lysare tider
Dagen i dag, måndag 21. desember, er årets kortaste. I dag «snudde» sola. Me kan no gle oss over at me sakte, men sikkert går mot lysare tider igjen.
Vintersolkverv er årets mørkaste dag. Sjølve omgrepet solkverv kjem frå det latinske ordet «solstitium», som betyr at sola står stille. På norsk seier me også at sola «snur». Dette heng saman med at me står på jordkloden og ser opp på sola. Men det er ikkje sola som rører seg, det er jordkloden som kretsar rundt sola. Det er altså endringa i daglengden som snur.
Kjelde: Store norsk leksikon
Vintersolkverv
Også på årets mørkaste dag,
gjer sola seg synleg, så vidt det er,
i eit raudleg skjær på himmelkvelvingen,
som for å markera, og minna om,
at lyset ikkje gir tapt
for det dominerande mørket i desember,
her på den nordlege halvkula.
Svein Elling Austbø