nyhende

Gunn Snefrid Sakseid.
Gunn Snefrid Sakseid.

– Det er så viktig at unge har ein stad å henga på fritida

Publisert Sist oppdatert

Hei, sveibu!

Namn: Gunn Snefrid Sakseid

Alder: 18 år

Bustad: Auklandshamn

– Vanlegvis går eg på skule, men

– Kva gjer du til dagleg?

Vanlegvis går eg på skule, men i ferien som var gjekk dagane mykje i å slappa av og å vera med venner og familie.

– Kva er det beste med å vera sveibu?
– Kanskje at det ikkje er så stort her, og så likar eg å bu i Auklandshamn då det er litt landleg.

– Er det noko du saknar i Sveio?
– Betre busstilbod, særleg heime i Auklandshamn. Det er travelt å måtta planleggja køyring for å komme seg til byen.

– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– No spør du godt. Gjenopninga av butikken i Auklandshamn var kjekk å vera med på. Elles har eg gode minne frå tida på barneskulen.

– Kven i Sveio vil du framsnakka og kvifor?
– Eg vil framsnakka alle som held på med frivillig arbeid, og særleg når det gjeld barn og ungdom. Det er så viktig at unge har ein stad å henga på fritida.

Powered by Labrador CMS