nyhende
Det er mykje som skjer første helga i advent
Førjulstida startar definitivt kommande helg. Her finn du tips til kva du kan vera med på den første helga i advent.
Einstadbøvoll helselag opna julemarknadsesongen allereie sist helg:
Laurdag og søndag denne veka er det mykje som skjer over heile kommunen.
Laurdag
Sveio Sportsdrillklubb er først ut på føremiddagen med juleshow og julelotteri på Vigdarturn. Det blir sjølvsagt drillshow, og nissen kjem.
Litt seinare på dagen er det to arrangement omtrent samtidig, men med litt planlegginga kan du rekka begge to.
På Oa ungdomshus er det julemarknad med lotteri. Her lovar dei eit rikt utval av ting du kan kjøpa, og det er mogeleg å få seg både ein varm matbit og kaker.
Sveio skulekorps inviterer til julegrantenning på Sveiotorget. Men før grana blir tent utpå ettermiddagen er det mykje som skjer. Opning av dei nye salsbodene, hobbyverkstad, besøk av Bjørnis, korpsmusikk og nissebesøk.
Laurdag kveld er det minnekonsert for Arne Valen i Valstrand kulturkyrkje. Arne Valen planla sjølv ein konsert til inntekt for Kreftforeningen på sin 70-årsdag, men døydde dessverre før det. Med Tom Roger Aadland i spissen blir det konsert likevel.
Søndag
Frå søndag føremiddag og utover inviterer Stall Hanadalen for femte gong til jul i stallen. Eit familiearrangement der det blir høve til kos med dyra, ein ridetur og kafé med sal av mat og drikke. Det kjem også utstillarar som sel ulike ting.
Søndag ettermiddag er det julegrantenning og julegraut på Filadelfia i Auklandshamn. Arrangementet er eit samarbeid med Auklandshamn Idrettslag, Pinsekyrkja Filadelfia, Auklandshamn Bygdalag og korpset.
Også ved Bua bedehus er det julelystenning søndag ettermiddag. Her blir det gløgg å få, og kanskje kjem nissen innom. Arrangør er LivOGLyst Bua.
Meir info om dei aller fleste arrangementa finn du under «Kva skjer i Sveio» på nettavisa, eller tid og stad i papiravisa.