nyhende
— Det er ikkje det største 17. maitoget, men det er veldig fint
Laila Vikse Lie gjestar Hei, sveibu! denne veka.
— Forutan å vera fungerande dagleg leiar i nærbutikken, så driv eg med skogsarbeid og går tur når me har sjanse til det.
— Kva er det beste med å vera sveibu?
— Det må vera naturen og veldig mange gode folk rundt her som me bur. Veldig mange kjekke og positive folk. Det har eg følt på kroppen tidlegare då eg mista den første mannen min. Då var det fint å ha mange gode folk rundt seg.
— Er det noko du saknar i Sveio?
— Viss eg skal seia eit eller anna, så er det når me har forferdeleg skitten bil. For å få maskinvask må me enten til Stord eller til Haugesund. Det er det einaste eg kjem på, elles så synest eg me har nok her i Sveio. For å utdjupa, når me skal vaska bilen så må me køyra milevis, og så tilbake igjen. Då er den blitt skiten igjen. Me vaskar bilen mykje heime også, men skal ein ha underspyling og slikt må ein reisa ein god tur.
— Kva er ditt beste Sveio-minne?
— Det beste Sveio-minne eg kan dra fram er den kortesjen me hadde. Det var veldig rørande under Brølet frå Bygda med skulesaka, og vardebrenninga. Me sto heime og såg når dei gjekk opp til fjells og drog opp ved, og når dei tente på. Det rørte noko inni meg, det må eg seia.
Og 17. maitoget det vekker kjensler i meg. Det er ikkje det største toget, men det er veldig fint. Då samlast me, og så går me i kyrkja.
— Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
— Det var eigentleg det verste spørsmålet. Det er veldig mange ein kan framsnakka her, og det vert feil å berre nemna ein. Det er utruleg mange folk som kunne fått namnet sitt på trykk. Då trur eg rett og slett det heng saman med det forrige eg snakka om. Dei gode folka som bur her, og mange lag og foreiningar som driv dugnad frå morgon til kveld. Me har mange lag og foreiningar rundt oss her, og det er så mange der som gjør så utruleg mykje, og aldri framhevar seg sjølv.