nyhende
– Det er i dialekta mykje av krafta og sanninga ligg
Skodespelar Henriette Marø insisterar på å bruke dialekta si på jobb. Men i kvardagen kan dialektbruken i større grad bli utfordra.
Det er dagen etter aller siste innspeling av den folkekjære NRK-serien «Side om side». Eit kapittel i Marøs liv er avslutta.
– Alt til si tid, smiler ho roleg.
Berre gjennom desse få orda er Ålesund-dialekta like tydeleg som når vi ser ho som Silje på TV-skjermen.
Vi er i bakhagen hennar, som er grøn og frodig og krydra med barneleiker i alle regnbogefargane.
Inne i den kvite tomannsbustaden oppheld mannen og dei to døtrene til Marø seg, denne formiddagen. Døtrene som naturlegvis kjem til å snakke austlending, vil skodespelaren eksponere for autentisk dialekt – eit utfordrande ønskje å oppfylle.
Dialekt frå far, teater frå mor
Sjølv er Marø dotter til Henrik frå Sunnmøre og Anita frå Austlandet.
Mora flytta til Ålesund da ho var 17 år, og har som resultat lagt seg til ein sunnmørsk klangbotn, men bruker gjerne austnorske ord, forklarer Marø.
Så sjølv om det ikkje var mora som inspirerte til blindheimsdialekta til Marø, var det ho som skapte grobotnen for skodespelarkarrieren hennar. Mora er frisør og når Marø var lita jobba ho nemleg med sminke og hår på teater.
– Det vi kallar «maske» i teaterverda. Eg fekk vere med ho i kulissane å sjå. Da blei eg veldig facsinert og ville vere med på scena sjølv, fortel Marø.
Det var slik skodespelarspira begynte å gro. Som seksåring vart ho med i Jugendteateret, eit barneteater i Ålesund.
– Frå da har teater alltid vore veldig til stades i livet mitt. Da eg måtte velje ei retning i livet var det skodespel som var det mest nærliggjande.
Etter vidaregåande flytta Marø austover i landet for å gå på Romerike folkehøgskule, før ho etterkvart tok utdanning ved Theaterhøyskolen. Det var da ho kom til denne delen av landet at ho begynte å få eit meir bevisst forhold til språk.
Tek alltid debatten
På jobb som skodespelar omgitt av menneske som snakkar annleis enn seg sjølv, har Marø alltid vore oppteken av å bruke dialekta si.
– Om det er konkrete og gode grunnar til at eit dialektord ikkje kan brukast, kan eg føye meg.
Skodespelaren forklarer at om setningar skal rime eller at songtekstar skal gå opp, så må ein gjerne endre på ting. Av og til må ein òg tilpasse seg om dialekta kan tåkeleggje meininga for eit stort fleirtal av publikum eller sjåarar.
– Slik som for eksempel bruken av ordet «låkt» kan eg forstå at publikum kan dvele ved. Dei kan bli sitjande og tenkje «betyr det «låst» eller «lågt» eller kva var det igjen?». På den tida tilskodarane har bevegd seg gjennom denne tankerekkja, har eg snakka vidare i ti sekund og dei heng kanskje ikkje lenger med.
Men skodespelaren tek alltid debatten.
– Eg vil helst bruke mi eiga dialekt som eit «statement» og vil ikkje forminske meg sjølv ved å ikkje bruke den, seier Marø.
Talemål – porten til kjenslene
Dialektangasjementet til Marø kjem av at målet hennar utgjer ein betydeleg del av identiteten. Om ein tilpassar språket for mykje vil ein alltid miste litt av seg sjølv på vegen, ifølgje henne.
– Det er i dialekta mykje av krafta og sanninga ligg. Dersom eg må prate med ei anna dialekt dempar det noko instinktivt i meg når eg må gå ut og intellektuelt velje andre ord, i staden for å la orda kome heilt naturleg til meg.
Marø forklarer at det er mykje styrkje i å få bruke identiteten sin fullt ut, også i roller.
– Dialektbruk gjer følelsane som bur i meg meir tilgjengelege. Alle følelsane eg har tenkt og følt har eg jo tenkt og følt på dialekt sidan eg begynte å prate.
Ålesundsjenta trur bruken av dialekt gjer ho til ein betre skodespelar. Ho meiner at ho da har mykje betre tilgang til dei verktøya ho treng på teaterscena.
Smekk på fingrane
Men trass at Marø er nøyen på dialektbruken på scena og framfor kamera, erfarer ho i større grad at han blir utfordra på heimebane.
– Nå må eg passe meg veldig for eg har begynt å vatne dialekta noko ut. Da den eldste dottera mi begynte å lære seg å prate, begynte eg å legge litt om på visse ord. Slik som at eg ikkje insisterte på å seie «dinna» og «ditta».
Ubevisst er nok tanken til Marø å opne opp for dottera si så ho lettare kunne forstå språket frå sine eigne referansepunkt.
– Slik som å si «noen» i staden for «noken». Det er slike småord som dukkar opp, og det har eg ikkje lyst til, seier Marø og smekkar seg sjølv på fingrane.
Sunnmøringen meiner nemleg at å tilpasse seg på denne måten er å gjere døtrene ei bjørneteneste.
– Døtrene mine har berre godt av at eg opnar opp og gjer språket frodig for dei. På den måten kan dei òg forstå andre dialektar betre.
Dei små justeringane ho gjer på heimebane, har òg lett for å følgje med ho i dagleglivet.
Trass at ho synest utflytta venner heimanfrå er flinke til å halde på dialekta si, forstår ho at det er utfordrande å ikkje gjere små endringar slik ho sjølv gjer.
– Eg forstår godt at det kan skli ut, når folk har budd så lenge andre «steder» – nei «plassar» meinte eg. Der gjorde eg det, seier Marø engasjert og ristar på hovudet.
Brubygging
Skodespelaren meiner dialektar representerer eit viktig mangfald i Noreg og tenkjer at det er viktig at alle får bruke det språket dei er oppvaksne med.
– At alle føler seg komfortable med å bruke si eiga dialekt trur eg er eit pluss for samfunnet generelt. Det er gjer folk meir komfortable i sitt eige skinn.
Marø meiner bruk av dialekt i TV og radio kan vere brubyggande og skape grunnlag for at folk kan forstå kvarandre godt på tvers av målform.
Sjølv opplever skodespelaren at ho stort sett blir forstått og at sunnmørsdialekta er ganske tydeleg.
– Eg fekk rett nok tilbakemelding frå ein publikumar ein gong som sa at det var vanskeleg å forstå kva eg sa sidan eg brukte så «rare ord». Da tenkte eg i mitt stille sinn at det kanskje var bra for vedkommande å bli eksponert for dialekt.
Marø føler seg god til å forstå ulike dialektar, men er audmjuk når ho påpeiker at det er veldig mange lokale ord rundt omkring, som ho ikkje har noko grunnlag for å vite kva betyr.
Ho synest det er spennande å høyre ord som opnar opp språket og ønskjer å forstå mest mogleg.
– Men ofte må ein seie «unnskyld, ka sa du no?» når det dukkar opp veldig lokale uttrykk. Nei, vent. «Ka du sa no» blir det rette å seie. Ordstillinga er òg ein del av dialekta som blir påverka av å bu lenge på Austlandet. Da må eg slå meg sjølv på lanken, seier ho og klappar seg på handa igjen.