nyhende

Keno Ferter har forska på fritidsfiske i mange år. Han åtvarar mot å stemple ei heil næring for det nokre få miljøkriminelle gjer.
Keno Ferter har forska på fritidsfiske i mange år. Han åtvarar mot å stemple ei heil næring for det nokre få miljøkriminelle gjer.

– Det er forskjell på turistfiske og organisert miljøkriminalitet

Publisert Sist oppdatert

Ferter har sett seg lei på at kriminelle som blir tekne medan dei prøver å smugle store mengder fisk ut av landet, blir framstilte i media som turistar. Han har sjølv forska på turistfiske i mange år, og han meiner det er naudsynt å rydde opp i omgrepsbruken.

– Det er sjølvsagt bra at smugling av fisk skaper debatt. Som havforskar er eg glad for engasjementet folk har for fisken langs kysten vår. Men, dei personane som tollarane stansar på grensa med mobile fryselager fulle av fiskefilet, er ikkje turistfiskarar. Det er folk som driv organisert miljøkriminalitet, seier han til Nynorsk pressekontor på telefon frå Vestfjorden, der han er på feltarbeid.

Han viser til påstandar om at turistar tek med seg hundrevis av kilo reine ryggfiletar og kastar dei resterande 70 prosent av fisken. Han meiner denne praksisen er svært lite utbreidd.

– Ikkje loinskjering

– Vi har besøkt rundt 100 turistfiskebedrifter langs norskekysten. Vi har intervjua fleire hundre turistar, både norske og utanlandske. Vi har aldri observert utbreidd «loinskjering» hos seriøse turistfiskebedrifter, slår forskaren fast.

Keno Ferter fortel at forskingsprosjektet han har vore ein del av, har dokumentert at fisketuristane kan det norske regelverket betre enn fastbuande fritidsfiskarar, til dømes om minstemålet for torsk.

Fiskeridirektoratets oversikt over turistfiskebedrifter viser at det er rundt 1.800 slike selskap langs heile kysten frå Agder i sør til Finnmark i nord.

– Det kom ein kraftig auke i talet på registrerte turistfiskebedrifter, då reglane vart endra for eit par år sidan. Hovudregelen no er at privatpersonar ikkje har lov å ta med seg fisk ut av landet. Unntaket er dei som bur på registrerte turistfiskebedrifter, som har lov å ta med seg 18 kilo, seier Keno Ferter.

Lett å registrera seg

Han fortel at det har vore svært lett å registrere seg som turistfiskebedrift, og at det ikkje er store krav for å bli registrert.

– Det er vanskeleg å seie om alle aktørane er seriøse, men det vi kan slå fast er at hos dei ti tilfeldige bedriftene vi besøkte i Hordaland og ytterlegare ti i Troms, vart vi godt mottekne. Vi snakka både med gjester og dei som jobba der, og vi registrerte ikkje alvorlege regelbrot, opplyser han.

I år har Havforskingsinstituttet fokus på turistfiskebedriftene i Møre og Romsdal, og arbeidet hittil har vist at registeret til Fiskeridirektoratet ikkje er reelt.

– Det viser seg at ein tredel av bedriftene i registeret, er feilregistrerte. Nokre av dei driv ikkje med turistfiske, medan andre selskap rett og slett ikkje eksisterer. Så det er ganske mange store feil i registeret, seier han.

73 tonn i Hordaland

Ferter meiner at det viktigaste no er å få orden på registeret. For utan ei oppdatert liste er det ikkje mogleg for Havforskingsinstituttet å ha oversikt over dette fisket.

– Dei seriøse selskapa vi har snakka med er opptekne av å drive på ein berekraftig måte. Dei er ikkje interesserte i å tømme nærområdet sitt for fisk, og dei ser verdien av at vi får med korrekte fangstdata i våre utrekningar, skyt havforskaren inn.

Tal frå Havforskingsinstituttet viser at fritidsfiskarar kvart år landar 2.160 tonn torsk i Troms og 73 tonn i Hordaland. I Hordaland er det meir enn fangstane av torsk i det kommersielle kystfisket.

Fritidsfiske står for 73 prosent av dei samla fiskefangstane i Sør-Noreg.

Vesentleg uttak

Forskarane har i fleire år kartlagt fritidsfiskarar i utvalde pilotområde ved hjelp av feltintervju, telefonintervju, fangstdagbøker og turistfiskeregisteret til Fiskeridirektoratet. Det viser seg at uttaket av fisk kan vere vesentleg, særleg for ein del artar.

I Troms er det snakk om 2.160 tonn torsk og 104 tonn sei. Mellom 20 og 48 prosent vart kasta ut igjen, fordi fiskane var for små.

I Hordaland landa fritidsfiskarane rundt 73 tonn torsk og 154 tonn sei, medan 39 prosent av fangsten vart kasta ut igjen.

Analysane viser at fastbuande og turistar står for omtrent like store delar av torskefangstane. Fastbuande er truleg overrepresenterte i fiske med stong frå land eller fiske med teiner, garn og ruser.

Kunnskap om minstemål

Det viste seg at fire av fem fritidsfiskarar som forskarane snakka med, hadde dårleg kunnskap om reglane for minstemål. Her er faktisk turistane dei flinkaste i klassa med betre kunnskap om reguleringar enn fastbuande.

Her finn du info om minstemål

Keno Ferter forklarar dette med at turistfiskeanlegg er pliktige til å gi gjestene innføringa i regelverket, og han har også inntrykk av mange av dei utanlandske turistane har sett seg inn i regelverket før dei reiste til Noreg.

Eit fleirtal av fritidsfiskarane i Hordaland var menn, og eit klart fleirtal av dei var tyskarar. I Troms var turistfiskemiljøet meir internasjonalt.

Powered by Labrador CMS