nyhende
– Det er forferdeleg at dei vil leggja ned legekontoret
Snart 90 år gamle Liv Flåten bur femti meter frå legekontoret i Førde. No fryktar ho at tryggleiken forsvinn – saman med endå ei viktig teneste i bygda.
– Eg synest det er heilt forferdeleg. Legekontoret har alltid vore her, og det betyr enormt mykje for meg å ha det så nært. Eg har hatt lege i Førde heile livet, seier Liv Flåten.
– Det er tryggleiken min
Liv bur like ved legekontoret og har alltid brukt det når det trengst. Men viss kontoret i Førde blir lagt ned, må ho i staden ta seg til Sveio sentrum.
– Eg har ikkje førarkort lenger, så eg må ha skyss. Og det er ikkje berre å setja seg på bussen med rullator heller. Det blir for tungvint, seier ho.
– Det er jo når ein blir eldre ein treng legen mest. No kjenner vi forholda som er her, og det gir tryggleik. Det blir noko heilt anna om vi må byrja på nytt ein annan stad.
Underskriftskampanje mot nedleggelse
Sonen hennar, Tor Inge Flåten, er blant dei som har engasjert seg i saka. Han og Førde bygdalag har sett i gang ein underskriftskampanje for å bevara legekontoret, og responsen har ikkje latt venta på seg.
– Per no har mellom 200 og 300 personar skrive under, og det aukar heile tida, seier han. (Per 10. juni er det over 320 underskriftar)
– Vi gjer dette for å visa at folk er imot nedlegginga. Det er mange som meiner det same, spesielt i den nordlege delen av kommunen. Og mange seier berre: «No igjen?» – fordi dette ikkje er første gongen legekontoret i Førde er trua.
Tor Inge Flåten meiner at det å bevara legekontoret i Førde er i tråd med målsetjinga til Vestland fylkeskommune om trygge, attraktive og livskraftige lokalsamfunn i heile fylket, og at det sikrar rettferdig tilgang til grunnleggjande tenester uavhengig av kvar folk bur.
– Ei levande bygd treng tenester
Tor Inge peikar på at nedlegginga ikkje berre rammar pasientane, men heile bygda.
– Eit legekontor betyr meir enn helse. Det bidreg til at folk faktisk vil bu her. Det er viktig for fellesskapet, og for heile livskrafta i bygda.
Han er usikker på om vedtaket let seg snu, men håpar kampanjen og engasjementet får politikarane til å stoppa opp og tenkja seg om.
– Det høyrdest ikkje så positivt ut i formannskapet, men ting kan endra seg før avgjerda blir teken i kommunestyret. Vi må prøva.
– Alt blir flytta vekk
For Liv Flåten føyer denne saka seg inn i ei lang rekkje sentraliseringstiltak.
– Før hadde vi ungdomsskule, bank og post. Alt er vekke. No har vi berre ein liten skule og barnehage igjen. Det er som om alt blir dregen til Sveio sentrum. Eg synest ikkje det er rett.
Og ho er tydeleg på kva ho meiner om framtida for legekontoret.
– Eg synest det er veldig trist at dei vil leggja det ned. Eg er veldig, veldig imot det.
Robust og stabil legeteneste
Kommunalsjef for helse og omsorg i Sveio, Ingunn Toft, seier ho har merka seg engasjementet som har blussa opp rundt framtida til legekontoret i Førde.
– Eg har stor forståing for at dette engasjerer. Samstundes er vårt hovudfokus som kommune å sikra at vi kan levera gode og forsvarlege helsetenester til alle innbyggjarar, seier ho.
Toft fortel at kommunen har hatt dialog med både noverande legar ved legekontora i Sveio og Førde, og med legar som tidlegare har jobba i kommunen. Tilbakemeldingane er ifølgje kommunalsjefen tydelege.
– Det er eit sterkt ønskje om meir robuste legekontor, særleg blant yngre legar. Fleire fortel at dei ofte opplever å vera einaste lege på jobb, noko dei ikkje ønskjer. Det skaper ei utryggleik.
Kommunen har hatt utfordringar med utskiftingar på legesida, og Toft stadfestar at fire legar har slutta dei siste åra.
– For å unngå ytterlegare fråfall og sikra rekruttering framover, må vi leggja til rette for meir stabile fagmiljø. Det å samla legane på eitt stad er i tråd med utviklinga vi ser i mange kommunar rundt oss.
Pasientreiser kan dekka transport
Toft er open på at nokre fleire innbyggjarar no vil måtta ta i bruk bilen eller andre metodar for å koma seg til legen. Dette kan opplevast som meir utfordrande for enkelte, særleg eldre.
Ho understrekar samstundes at dei fleste pasientane i dag allereie brukar bil eller andre framkomstmiddel for å koma seg til legekontoret.
– For denne gruppa vil det i praksis bety ei reise som er drygt ti minutt lengre. Det trur vi ikkje vil gjera ein vesentleg forskjell for folk, seier Toft.
Samtidig viser ho til at det finst støtteordningar for dei som har behov for hjelp til transport.
– Pasientar som er avhengige av transport med drosje eller liknande, kan få dekka utgifter gjennom Pasientreiser. Legekontoret kan òg bistå med utfylling av søknadsskjema dersom det er behov, fortel ho.
Åtvarar mot dyre vikarordningar
Toft understrekar at kommunen framleis vil kunna tilby legetenester dersom Førde legekontor blir oppretthalde, men peikar på ei stor uvisse.
– Vi risikerer mindre stabil legedekning. Då må vi nytta bemanningsbyrå, noko som er svært kostbart for kommunen, og ofte berre av kortare varigheit. Vi forventar at det vil bli behov for omfattande bruk av vikarar dersom vi ikkje gjer tiltak som styrkjer rekrutteringa og motverkar fråfall.
Toft avsluttar med å understreka kva som er viktigast for kommunen.
– Det aller viktigaste er å gje innbyggjarane ei robust og stabil legeteneste for framtida. Med dagens løysing er legetenesta i Sveio for sårbar.