nyhende
– Det eg likar best er at eg får jobba sjølvstendig
Denne hausten har Vestavind Haya Mohammad og Mandy Gaya Ple-Said i arbeidspraksis. Dei får prøva seg på forskjellig, og har mellom anna laga den nye spalta «I arbeidspraksis». Her får du møta andre 10. klassingar som er ute i jobb ein dag i veka.
– Eg jobbar på Kiwi i Sveio sentrum saman med Oda Skarpnes.
– Kvar jobbar du?– Kvifor valde du denne jobben?
– Eg valde denne jobben fordi det var noko nytt for meg. Eg ville prøva noko eg ikkje hadde gjort før
– Kva er arbeidsoppgåvene dine?
– Mine hovudoppgåver er å setja varer på plass i hyllene, fylla på når det er tomt, og halda orden i butikken. Eg må også passa på at varene står rett og ser presen-table ut.
– Kva likar du best med jobben?
– Det eg likar best er at eg får jobba sjølvstendig. Eg får ansvar og kan jobba i mitt eige tempo. Det passar meg godt sidan eg likar å ha orden.
– Er det noko du synest har vore utfordrande?
– Til no har eg ikkje opplevd noko som er spesielt utfordrande. Eg fekk god opplæring, og dei eg jobbar med er hjelpsame.
– Synest du jobben passar for deg? Kvifor/kvifor ikkje?
– Ja, eg synest jobben passar for meg. Eg likar å sortere varer, halda orden og gjera praktisk arbeid.