nyhende
Det blir nok egg til påske
Eggløysinga kjem av auka import, lengre verpetid og oftare innhenting av egg. I Sveio er det to større produsentar av egg.
Frå januar til oktober 2023 vart det samla vege inn 55.511 tonn egg i Noreg. Det var ein auke på 2,1 prosent samanlikna med same perioden året før, ifølgje Norsk Fjørfelag. Sidan mai i fjor har me likevel hatt ei underdekning av egg på rundt to prosent. Spørsmålet alle stiller seg no, er om det blir nok egg til påske.
Svaret frå Nortura bør langt på veg vere tryggjande:
– Slik situasjonen ser ut no, vil leveransar av egg til daglegvaremarknaden inn mot denne påska vere på nivå med påska 2023, seier kommunikasjonsrådgjevar Matilda Aronsson.
Får ikkje produsera for fullt
Sveio har to eggprodusentar av ein viss storleik. Størst er Tveita Gard i Valevåg. Dei har kapasitet til 9.300 høner, men Nortura har sett konsesjonen til 7.500.
– Det er provoserande at me har kapasitet i Noreg til å vera sjølvforsynte med egg, men at det blir styrt slik at det må importerast. Noreg har svært strenge krav til eggprodusentane, og me leverer trygg mat. Kjem det til dømes sjukdom i Sverige, må Nortura importera egg frå land som ikkje produserer like trygt, seier Bente Gravelsæter.
Tveita Gard leverer alle sine egg til Nortura, men no har dei pause ein periode.
– Me er akkurat i skifte av besetning. No går det i vasking og desinfisering slik at alt er klart til dei nye hønene som kjem i april. Dei treng tid både til å finna seg til rette og veksa litt, så det blir ikkje produksjon før uti mai, seier Gravelsæter.
Går på det jamne
Sveio Egg har eggproduksjon som tilleggsnæring på garden på Lindøy. Dei har 1.000 frittgåande høner, og merka i ein periode at gardssalet og sal gjennom REKO-ringen auka.
– Hønene legg eitt egg om dagen, og produksjonen går på det jamne heile året. Me har mange faste kundar, men merka i vinter at det auka på med sal. Når folk ikkje får fatt i egg i butikken, finn dei seg andre plassar å handla, seier Jan Holger Hamre.
No ser salet meir normalt ut, og det er greitt med egg i kjøleskapet på Lindøy.
– Så kundane våre får egg til påske i år også, seier Hamre.
Auka import
I tillegg til svak kronekurs, er det i hovudsak fugleinfluensa og salmonella i andre europeiske land som har skulda for at det tidvis har vore tomt for egg i norske butikkar. Sjukdomane har redusert eggtilgangen og ført til prisauke på dei utanlandske egga, som tidlegare har vore billegare enn dei norske. Norsk industri har lenge importert ein del utanlandske egg til bruk i matproduksjon. Etter sjukdomsutbrota har dei brukt norske egg i staden.
No er importen auka, fortel Aaronsson:
– Me har sett inn fleire tiltak for å sikre nok egg. Mellom anna importerer Nortura meir egg som går til industrien, slik at norske egg kan gå ut i daglegvarehandelen. Vi lèt og høna produsere nokre veker meir før ho blir utrangert. Som ved alle høgtider, aukar me også innhentingsfrekvensen av egg inn mot påska, slik at færre egg blir «lagra» hjå produsentane til kvar tid.
Fleire aktørar
Bondeeigde Nortura er den største eggaktøren på den norske marknaden og har ein marknadsdel på 71,4 prosent. Som marknadsregulator har dei også plikt til å ta i mot egg frå alle bønder i Noreg og til å ta imot overskotsegg frå andre eggpakkeri.
Selskapet har sjølv 380 eggprodusentar og er hovudleverandør av egg til Norgesgruppen og Rema 1000. Den Stolte Hane er den nest største eggaktøren i Noreg og er eigd av eit svensk børsnotert konsern. Dei kjøper egg frå rundt 80 bønder og er hovudleverandør av egg til Coop-butikkane.
Dei andre større eggaktørane er Jonas H. Meling AS, Rias Pakkeri AS og Toten Eggpakkeri AS.